Mevaseret Zion
Mevaseret Zion (hebraisk מְבַשֶּׂרֶת צִיּוֹן) er ein forstad til Jerusalem i Israel. Mevaseret Zion består av to forskjellige bydelar, Maoz Zion og Mevaseret Yerushalayim—styrt under eit lokalt kommunestyre.
Mevaseret Zion | |||
מְבַשֶּׂרֶת צִיּוֹן, Mevasseret Ziyyon | |||
lokal kommune | |||
Mevaseret sett frå Rekhes Halilim
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Koordinatar | 31°48′N 35°9′E / 31.800°N 35.150°E | ||
Areal | 6,39 km² | ||
Folketal | 22 800 (2006)[1] | ||
Folketettleik | 3 568 / km² | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
Borgarmeister | Yoram Shimon | ||
Mevaseret Zion 31°48′13″N 35°09′17″E / 31.803611111111°N 35.154722222222°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Mevaseret Zion |
Mevaseret Zion ligg på ein fjellrygg 750 meter over havet, i utkanten av Jerusalem. Han ligg ti kilometer frå byen på begge sider av Jerusalem–Tel Aviv-vegen. Han har kring 22 800 innbyggjarar fordelt på 15 bydelar. Han er den rikaste kommunen per innbyggjar i Jerusalem distrikt.
Historie
endrePå grunn av den strategiske plasseringa går busetnaden i området som Mevaseret Zion ligg attende til antikken. Romarane bygde ei festning her, kalla Castellum.[treng kjelde] Krossfararane bygde ei borg over ruinane av denne festninga, Castellum Belveer, som det ikkje finst spor etter i dag.[2] Belveer er nemnt i eit brev frå patriarken Heraklios, av Jerusalem, datert september 1187, der han skildra drapa på kristne « av sverdet til Mafumetus den vantru og den vonde tilbedaren hans, Saladin» og den arabiske erobringa av byen, som fekk namnet al-Qastal.[3]
Under Palestinamandatet refererte britane til dette distriktet som «The Castle». Arabarane kalla det «al-Qastal», medan jødane kalla det «Hacastel».
Under Palestinakrigen i 1948 var det kampar her mellom arabarar og jødar som kjempa om å få kontroll over Qastal, som låg oppom hovudvegen mellom Tel Aviv og Jerusalem. Qastal byta hender fleire gonger i løpet av krigen. Vendepunktet kom då den arabiske kommandøren Abd al-Qadir al-Husayni vart drepen. Mange av arabarane forlet stillingane sine for å vere til stades i gravferda til al-Husayni i Al-Aqsa-moskéen fredag den 9. april. Same dag fall Qastal til Yishuv-styrkane, nesten heilt utan motstand.[4]
Maoz Zion («Sionskansen») vart grunnlagd i 1951 for å huse nye emigrantar frå Irak, Kurdistan, Nord-Afrika og Iran, som hadde budd i ein ma'abara, eller transittleir, ved foten av Qastel. Mange var tilsette i det nærliggande steinbrotet Solel Boneh.
Mevaseret Yerushalayim vart oppretta aust for Ma'oz Zion i 1956 av jødiske emigrantar frå Nord-Afrika. Han låg på ein rygg nær våpenkvilelinja, nord for Motza. Innbyggjarane arbeidde i frukthagar i Arazimdalen.[5]
I 1963 vart Maoz Zion og Mevaseret Yerushalayim slått saman til ein lokal kommune, som fekk namnet Mevaseret Zion. Namnet kjem frå Jesaja: «Sions gledebod» (Jesaja 40:9).
Institusjonar og landemerke
endreHar'el kjøpesenter ligg ved inngangen til Mevaseret Zion. Den første McDonalds-restauranten som serverte kosher opna her i 1995.[6]
Venskapsbyar
endre- White Plains i New York, (2004)[7]
- Sankt Augustin i Tyskland (2001).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mevaseret Zion» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.cbs.gov.il/population/new_2007/table3.pdf
- ↑ Denys Pringle (1997). Secular buildings i krossfarar kongedømet Jerusalem : an archaeological gazetteer. Cambridge: Cambridge University Press. s. 118. «No trace of any Frankish structures, despite contrary claims.»
- ↑ Letters from the East: Crusaders, Pilgrims and Settlers in the 12th-13th Centuries, Keith Bate, Malcolm Barber, A.K. Bate
- ↑ Institute of Jerusalem Studies
- ↑ Encyclopaedia Judaica, «Mevasseret Zion», s. 1453
- ↑ Observant have little appetite for Israel's kosher McDonald's
- ↑ info@yiwp.org ** 135 Old Mamaroneck Road, White Plains, NY 10606 ** 914-683-YIWP
Bakgrunnsstoff
endre- Kommuneside (he)