Michael Aamodt
Michael Sevald Præstrud Aamodt (1784–29. desember 1859) var ein norsk gardbrukar, veginspektør og stortingsmann frå Liknes i Vest-Agder.
Michael Aamodt | |||
Fødd | 1784 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. desember 1859 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | gullsmed, politikar | ||
Alle verv |
|
Aamodt var son av ein gardbrukar og gullsmed. Han tok over farsgarden i si tid, og var elles veginspektør og vaksinatør i ein del år. Elles var han ein flink kvakksalvar, og laga til dømes augevatn, gurglevatn for halsplager, plaster og salvar for sår og byllar. Under sitt opphald som stortingsmann i Christiania vekte han oppsikt ved å praktisere som tannlege.
Han var i 1824 1. representant frå Lister og Mandals amt, medlem av komiteen for handel og næringsfridom.
Aamodt døydde på farsgarden i Liknes i 1859.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Michael Aamodt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv