Michael Davis (5. juni 194317. februar 2012)[1] var ein USA-amerikansk bassist, songar, låtskrivar og produsent. Han var mest kjend som medlem av MC5 frå 1964 til 1972.

Michael Davis
Fødd5. juni 1943(1943-06-05)
Død17. februar 2012 (68 år)
DødsstadChico i California
OpphavUSA
SjangerRock
Instrumentgitar
Tilknytte artistarMC5
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Han spelte bass på dei tre originale albuma til MC5, inkludert debutplata Kick Out the Jams. I 1975-1976 sat Davis fengsel i Kentucky for dopmisbruk.

Då han kom ut av fengsel spelte Davis i det Ann Arbor-baserte kunststøybandet Destroy All Monsters[2]. Sidan spelte han i Blood Orange.

Davis døydde av leversvikt 17. februar 2012, 68 år gammal.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «AP NewsBreak: Bassist Michael Davis from influential '60s band MC5 dies at age 68». The Washington Post. 19. februar 2012. Henta 19. februar 2012. 
  2. Ankeny, Jason. «Destroy All Monsters: Biography». Allmusic. Henta 4. februar 2011.