Kick Out the Jams

Kick Out the Jams
Konsertalbum av MC5
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1969
Innspelt 30. og 31. oktober 1968 i Grande Ballroom i Detroit
Sjanger
Lengd 39:52
Selskap Elektra
Produsent Jac Holzman, Bruce Botnick
MC5-kronologi 
Kick Out the Jams Back in the USA
(1970)


Kick Out the Jams er debutalbumet til det amerikanske protopunkbandet MC5. Det kom ut i februar 1969 på Elektra Records. Det vart spelt inn over to konsertar i Grande Ballroom i Detroit den 30. og 31. oktober 1968. Albumet nådde 30. plassen på Billboard 200-lista og tittelsporet nådde 82. plassen på Hot 100. Sjølv om albumet fekk negativ omtale i magasinet Rolling Stone då det kom ut, har det sidan blitt rekna som ein viktig føregangar for punkrocken og i 2003 vart det rangert på 294. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2]

Utgjeving endre

Medan «Ramblin' Rose» og «Motor City Is Burning» opnar med provoserande retorikk, var det opningslinja på tittelsporet som skapte kontroversar. Vokalisten Rob Tyner ropte ut, «And right now... right now... right now it's time to... kick out the jams, motherfuckers! før songen startar. Sjefane i Elektra Records vart støytt av denne linja og ønskte å fjerne ho frå albumet (og erstatta dei støytande orda med «brothers and sisters»), medan bandet og manageren John Sinclair vart kraftig i mot dette.

Den originale utgjevinga hadde «kick out the jams, Motherfuckers!» trykt på innsida av plateomslaget, men vart raskt fjerna frå butikkhyllene. To versjonar vaart så gjevne ut, begge med sensurerte omslag, der den usensurerte lydversjonen vart seld bak skranken.

I tillegg nekta varehuskjeda Hudson's å selje albumet. Spaninga mellom bandet og Hudson's eskalerte til det punktet der kjeda nekta å selje noko album som helst frå Elektra eter MC5 trykte ei fullsidesannonse som i følgje Danny Fields, «berre var eit bilete av Rob Tyner, og alt det sa var 'Fuck Hudson's.' Og annonsen hadde logoen til Elektra».[3] For å stoppe konflikten og unngå ytterlegare tap, valde Elektra å droppe MC5 frå selskapet.

Seinare på året spelte Jefferson Airplane inn songen «We Can Be Together» for albumet Volunteers album, ein song med ordet «motherfucker». I motsetnad til Elektra, valde ikkje RCA Records å sensurere albumet.

Tydinga av tittelen endre

«Kick out the jams» (som tyder nok slikt som «spark ut vanskelegheitene») er blitt rekna for å vere eit slagord frå revolusjons- og frigjeringsetosen frå 60-talet, ei oppfordring til å «sparke ut» forskjellige former for restriksjonar.[treng kjelde]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [4]
Rolling Stone(negativ)[5]
PopMatters(særs positiv)[6]
Treble(positiv)[7]

Då det kom ut skreiv kritikaren Lester Bangs ei kjend melding for Rolling Stone der han kalla Kick Out the Jams eit «latterleg, hovmodig, pretensiøst album».[5] I nyare tid er albumet særs høgt akta og blir rekna som ein viktig påverknadsfaktor på rocken som kom sidan. Allmusic kalla det «eit av dei mest kraftfulle konsertalbuma som er laga».[4] PopMatters-skribenten Adam Williams skreiv «Eg set mine pengar på at 'Kick Out the Jams' er ei av dei beste platene gjennomtidene. Det er ein strålande tidsportal til fortida, ei flytande glimt av eit band om hadde ballar til å handle etter ord» og at «ikkje noko anna konsertopptak har fanta dei primale elementa i rocke meir enn det første forsøket til MC5.»[6]

Ettermæle endre

I mars 2005 kåra magasinet Q songen «Kick Out the Jams» på 39. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. Same songen vart kåra til den 65. beste hardrockongen av VH1.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av MC5 (Rob Tyner, Wayne Kramer, Fred «Sonic» Smith, Michael Davis, Dennis Thompson), utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ramblin' Rose»Fred Burch, Marijohn Wilkin4:15
2.«Kick Out the Jams» 2:52
3.«Come Together» 4:29
4.«Rocket Reducer No. 62 (Rama Lama Fa Fa Fa)» 5:41
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Borderline» 2:45
6.«Motor City Is Burning»Al Smith6:04
7.«I Want You Right Now»Colin Frechter, Larry Page5:31
8.«Starship»MC5, Sun Ra8:15

Medverkande endre

MC5
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. Bartkowiak, Mathew J. (2009). The MC5 and Social Change: A Study in Rock and Revolution. McFarland. s. 126. Henta 5. mai 2018. 
  2. «500 Greatest Albums of All Time: MC5, 'Kick Out the Jams' | Rolling Stone». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 5. juli 2012. Henta 5. mai 2018. 
  3. McNeil, Legs; McCain, Gillian (1996). Please Kill Me: The Uncensored Oral History of Punk. Penguin Books. s. 62. 
  4. 4,0 4,1 Deming, Mark. «Kick Out the Jams». Allmusic. Henta 5. mai 2018. 
  5. 5,0 5,1 Bangs, Lester (5. april 1969). «MC5». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Arkivert frå originalen 27. juni 2018. Henta 5. mai 2018. 
  6. 6,0 6,1 Williams, Adam (4. september 2003). «MC5: Kick out the Jams». PopMatters. Henta 5. mai 2018. 
  7. Drozdowski, Wilson (23. september 2004). «MC5». Treble. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 5. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre