Opna hovudmenyen

Michael Haneke (fødd 23. mars 1942) er ein austerriksk filmskapar fødd i München. Filmane hans fokuserer på det moderne industrialiserte samfunnets tomhet og framandgjering. Dei er gjennomgåande preget av ein dyster stemning, og fleire av dei er sett på som kontroversielle. Blant dei mest kjende filmane hans er Benny's Video, Funny Games, Caché og La pianiste.

Michael Haneke
Michael Haneke 2009.jpg
Fødd 23. mars 1942
München
Yrke filmregissør, manusforfattar, skribent, universitetslærar, filmmeldar, teaterregissør, filmskodespelar
Michael Haneke på Commons

BiografiEndra

Haneke voks opp i den tyske byen Wiener Neustadt. Foreldra hans var regissøren Fritz Haneke og skodespelaren Beatrix von Degenschild. På Universität Wien studerte han filosofi, psykologi og drama. Etter utdanninga arbeidde han som filmkritikar frå 1967 til 1970, før han fekk jobben som klippar og dramaturg i den tyske fjernsynsstasjonen Südwestfunk. Han debuterte som TV-regissør i 1973.

Langfilmdebuten hans kom med Der Siebente Kontinent i 1989. Gjennombrotet kom da han i 1992 regisserte den andre spelefilmen sin, den kontroversielle Benny's Video. Ein ny suksess fekk han med Funny Games (1997), men han nådde sitt hittil største høgdepunkt med Gullpalme-vinnaren Pianolærerinnen frå 2001. For spenningsfilmen Caché (2005) vann han Gullpalmen for beste regi. Nå arbeider Haneke med ei amerikansk nyinnspeling av sin eigen Funny Games, som var venta å få kinopremière i løpet av 2007.

KjenneteiknEndra

Til tross for at Haneke ofte regisserer spenningsfilmar, er det sjeldan han nyttar seg av fysisk vald, blod og våpen. Dei dempa filmane hans fokuserer i staden på å framstille ein uhyggeleg atmosfære og spenning på det indre planet.

Eit anna punkt kor Haneke bryt dei uskrivne reglane åt spenningsfilmar er når det kjem til klipping. Dei fleste filmane innanfor sjangeren bruker rask klipping, men Haneke nyttar sjeldan det verkemiddelet. I staden er klipperytmen i filmane hans dvelande, og fleire takingar kan vare i over 10 minuttar.

Musikk er det lite av i Haneke sine filmar. I Caché bruker han ikkje noko musikk i det hele tatt; heller ikkje i vignetten eller rulleteksten.

FilmografiEndra

Dette er alle filmane Haneke har regissert (han har også skrive filmmanus til de fleste av dei):

  • Funny Games (2008)|Funnt Games]] (2008]] (under produksjon)
  • Caché (2005) (norsk tittel: Skjult)
  • Le Temps du loup (2003) (norsk tittel: Ulvetid)
  • La Pianiste (2001) (norsk tittel: Pianolærerinnen)
  • Code inconnu: Récit incomplet de divers voyages (2000) (norsk tittel: Ukjent kode)
  • Das Schloß (1997)
  • Funny Games (1997)
  • Lumière et compagnie (1995) (segment "Michael Haneke/Vienne")
  • 71 Fragmente einer Chronologie des Zufalls (1994) (norsk tittel: 71 fragmenter av tilfeldighetens kronologi)
  • Die Rebellion (1993) (TV)
  • Benny's Video (1992)
  • Nachruf für einen Mörder (1991) (TV)
  • Der Siebente Kontinent (1989) (norsk tittel: Det sjuende kontinent)
  • Fraulein (1986) (TV)
  • Wer war Edgar Allan? (1984) (TV)
  • Variation (1983) (TV)
  • Lemminge, Teil 1 Arkadien (1979) (TV)
  • Lemminge, Teil 2 Verletzungen (1979) (TV)
  • Drei Wege zum See (1976) (TV)
  • Sperrmüll (1976) (TV)
  • After Liverpool (1974) (TV)

AnnaEndra