Michael Shrieve
Michael Shrieve (fødd 6. juli 1949) er ein USA-amerikansk trommeslagar, perkusjonist og komponist. Han er mest kjend som trommeslagar i rockegruppa Santana, som han spelte med frå 1969 til 1974.[1] Shrieve var ein av dei yngste musikarane som spelte på Woodstockfestivalen i 1969, 20 år gammal. Trommespelinga hans på «Soul Sacrifice» i filmen Woodstock er skildra som «elektrisk».[2]
Michael Shrieve | |||
Shrieve i 2016 | |||
Fødd | 6. juli 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Francisco i California | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1965 | ||
Sjanger | Rock, elektronisk musikk | ||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | |||
Verka som | Musikar |
Sidan spelte han i fusion-supergruppa Go med Stomu Yamashta, Steve Winwood, Al Di Meola og Klaus Schulze,[3] Hagar Schon Aaronson Shrieve (med Sammy Hagar, Neal Schon og Kenny Aaronson), [4] og Richard Wahnfried, eit sideprosjekt av Klaus Schulze.
I 1998 vart Shrieve innlemma i Rock & Roll Hall of Fame som medlem av Santana.[5]
I mars 2011 kåra lesarane av Rolling Stone Magazine Shrieve til den tiande beste trommeslagaren gjennom tidene.[6]
Diskografi
endreTrommeslagar
endre- (1969) med Santana — Santana
- (1970) med Santana — Abraxas
- (1971) med Santana — Santana III
- (1972) med Santana — Caravanserai
- (1973) med Santana — Love Devotion Surrender
- (1973) med Santana — Welcome
- (1974) med Santana — Borboletta
- (1976) med Automatic Man
- (1976) med Go/Stomu Yamashta
- (1979) med Richard Wahnfried — Time Actor (perkusjon)
- (1980) med Pat Travers Band — Crash and Burn (perkusjon)
- (1981) med Klaus Schulze - Trancefer (perkusjon)
- (1981) med Novo Combo — Novo Combo
- (1981) med Richard Wahnfried — Tonwelle
- (1982) med Novo Combo — Animation Generation
- (1983) med Klaus Schulze - Audentity (EEH Computer/Simmons Drums)
- (1984) med Richard Wahnfried — Megatone (perkusjon)
- (1984) med Hagar Schon Aaronson Shrieve (HSAS) — Through the Fire
- (1984) med Roger Hodgson — In the Eye of the Storm
- (1993) med Jonas Hellborg og Buckethead — Octave of the Holy Innocents
- (1995) med Shawn Lane, Jonas Hellborg, Bill Frisell & Wayne Horovitz
- (1997) med ex-Santana members — Abraxas Pool
- (2004) med Revolution Void — Increase the Dosage (one track)
- (2016) med Santana — Santana IV
Komponist
endre- (1971) If Only I Could Remember My Name (David Crosby, eit spor)
- (1984) Transfer Station Blue (med Kevin Shrieve & Klaus Schulze, spelt inn 1979–83)
- (1989) Big Picture (med David Beal)
- (1989) Stiletto (med Mark Isham, David Torn, Andy Summers, & Terje Gewelt)
- (1989) The Leaving Time (med Steve Roach)
- (1994) Fascination (med Bill Frisell & Wayne Horvitz)
- (1995) Two Doors (Door 1 med Jonas Hellborg & Shawn Lane) (Door 2 med Bill Frisell & Wayne Horvitz)
- (2005) Oracle (med Amon Tobin) tilgjengeleg på iTunes
- (2006) Drums of Compassion (med Jeff Greinke, Jack DeJohnette, Zakir Hussain, & Airto Moreira)
Produsent
endre- (1998) Douglas September — Ten Bulls (produsent)
- (2007) AriSawkaDoria — Chapter One (medprodusent)
- (2009) Sam Shrieve — «Bittersweet Lullabies» (produsent)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Michael Shrieve» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Michael Shrieve bio». Drummerworld.com. Henta 14. januar 2019.
- ↑ Cianci, Bob (1. juli 2006). Great Rock Drummers of the Sixties. Hal Leonard. s. 215. ISBN 0-634-09925-6.
- ↑ McCarthy, Jim; Sansoe, Ron (1. november 2004). Voices of Latin rock: people and events that created this sound. Hal Leonard. s. 184–187. ISBN 0-634-08061-X.
- ↑ «Music review: Guitarist Neal Schon journeys to El Rey Theatre». The Chico Enterprise Record. Arkivert frå originalen 21. mars 2012. Henta 14. januar 2019.
- ↑ «Santana Biography». The Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 15. januar 2019. Henta 14. januar 2019.
- ↑ «Rolling Stone Readers Pick Best Drummers of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. desember 2017. Henta 14. januar 2019.