Michel Pepin
Michel Pépin (fødd 1960) med artistnamnet Michael Breen, er ein kanadisk pop- og rockesongar, og studiomusikar.[1] Sjølv om han berre har gjeve ut eitt album som soloartist, fekk han ein hitsingel med songen «Rain» i 1987 og vart nominert til den kanadiske Junoprisen for beste mannlege nykomar i 1989.[2]
Michael Breen | |||
Fødd | 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nicolet i Quebec | ||
Fødenamn | Michel Pépin | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | Sidan 1980-åra | ||
Sjanger | rock, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Luba, Sass Jordan, Kate og Anna McGarrigle, Sarah McLachlan | ||
Plateselskap | Alert Records | ||
Verka som | Songar |
Pépin har sidan arbeidd som studiomusikar og spelte gitar for artistar som Luba,[3] Kate og Anna McGarrigle, Sarah McLachlan, Martha Wainwright, Emmylou Harris og Jean Leloup.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Michel Pepin» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Quebec singer takes care making leap into English». Toronto Star, 11. februar 1988.
- ↑ «Juno candidates announced». Vancouver Sun, 2. februar 1989.
- ↑ «Luba lights up the stage at Stages with a high-voltage performance». Kingston Whig-Standard, 6. desember 1989.
- ↑ «Michel Pepin: Credits». AllMusic.