Michela Figini (fødd 7. april 1966) er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Ho vart olympisk meister i utfor i 1984, og verdsmeister i same greina i 1985. Figini, som er fødd i Prato i Italia, vann Verdscupen i alpine greiner for kvinner både i 1985 og 1988. Til saman vann 26 renn i verdscupen i tida 1984-90.

Michela Figini


Statsborgarskap Sveits
Fødd 7. april 1966 (58 år)
Prato i Leventina
Idrett alpint
Tok del i alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – women's downhill, Alpint under Vinter-OL 1988 – Super-G kvinner
Utmerkingar Årets idrettsutøvar i Sveits

Aktiv

endre

Figini vann i slutten av januar 1984 sitt første renn i verdscupen i utfor i Megève. Få veker seinare vann ho OL-gullet i utfortevlinga i Sarajevo. Året etter vart ho verdsmeister i utfor i Santa Caterina. Ho vann i 1985 også verdscupen og utforcupen. Seinare, 1987-89, vann ho utforcuptrofeet tre år på rad.

Under verdsmeisterskapen i alpint 1987 i Crans-Montana, tok Figini sølv i både utfor og super-G. I vinter-OL 1988 i Calgary tok ho sølvmedaljen i super-G bak Sigrid Wolf frå Austerrike. 1988-sesongen var ho verdas beste kvinnelege alpinist, for andre og siste gong.

I 1989 kom Figini på tredjeplass i verdscupen. Hennar beste plassering i verdsmeisterskapen i Vail var likevel ein åttandeplass i utfor. Nesten på dagen seks år etter sin første siger i verdscupen, vann ho utforrennet i Santa Caterina 27. januar 1990. Det vart hennar siste siger i verdscupen. Samanlagt i 1990-sesongen kom ho på åttandeplass, hennar lågaste plassering dei sju sesongane ho høyrde til verdseliten.

Figini la opp i 1990. Ho var ei tid gift med den italienske skialpinisten Ivano Cammozzi og har to born med han. I dag bur ho i Lugano.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre