Michelin
Michelin er ei fransk internasjonal gruppe industriverksemder som produserer dekk til personbilar, lastebilar, bussar, fly, motorsyklar, syklar, traktorar og anna landbruksreiskap, anleggsmaskinar og transportkøyretøy, og er blant dei største i sitt slag i verda.
Michelin | |||
| |||
| |||
Org.form | Kommandittaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Bilindustri | ||
Skipa | 1889 | ||
Eigar | Compagnie générale des établissements Michelin | ||
Hovudkontor | Clermont-Ferrand | ||
Land | Frankrike | ||
Produkt | Køyretøy-dekk | ||
Grunnleggjar(ar) | Édouard Michelin, André Michelin | ||
Salsinntekter | 2 652 000 000 euro (2023)[1] | ||
Omsetnad | 2 652 000 000 euro (2023)[1] | ||
Resultat | 1 983 000 000 euro (2023)[1] | ||
Nettstad | https://www.michelin.com/ |
Selskapet vart skipa i 1889 av brørne André Jules Aristide Michelin (1853-1931) og Édouard Étienne Michelin (1859-1940), og har hovudkontor i Clermont-Ferrand i Puy-de-Dôme i Frankrike. Morselskapet i industriverksemda heiter Compagnie générale des établissements Michelin, og er eit kommanditt-aksjeselskap (société en commandite par actions (SCA)). Eit holdingselskap, «Sénard et Cie», finansierer dei industrielle aktivitetane i Michelin.
Michelin er kjend for å ha utvikla radialdekket, lansert i 1946 under nemninga X-dekket. Radialdekket, der dei forsterkande trådane i dekket er lagt radialt, er det vanlege dekket på dagens personbilar. Opphavleg var X-dekket meint for dei franske bilmodellane Citroën 2CV og Citroën Traction Avant, etter at Michelin hadde kjøpt opp den konkursråka bilfrabrikken Citroën i 1930-åra.
Michelin-guiden
endreSelskapet står attom den årlege utgjevinga av bokverket Michelinguiden, Guide Michelin, som ofte vart kalla «Guide rouge», den raude turistføraren, etter fargen på bokomslaget. Dette er ein reiserettleiar for bilturistar om stader, hotell og restaurantar som det er verd å vitje på reisa, og vart publisert fyrste gongen i 1900 for Frankrike, seinare utvida til nye land og område. Restaurantar som ligg i det høgste sjiktet når det gjeld å tilby kulinariske opplevingar, vert klassifiserte med ei, to eller tre stjerner etter kor gode dei vert rekna for å vere.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 https://dgaddcosprod.blob.core.windows.net/corporate-production/attachments/cluqp1oj60p7g14e907ta49ic-cgem-deu-2023-vf.pdf; årsmelding; utgjevingstidspunkt: 8. april 2024; filformat: Portable Document Format.