Middelalderparken

park i Gamlebyen, Oslo

59°54′12″N 10°45′44″E / 59.90333°N 10.76222°E / 59.90333; 10.76222

Middelalderparken

Utsyn over Middelalderparken i Oslo. Parken ligg til høgre for det vatnet som skal illustere strandlina i høgmellomalderen. Bygningane i Bjørvika og jarnbanespora inn mot Oslo Sentralstasjon kan sjåast attom parken og vatnet.
Kart
Middelalderparken
59°54′12″N 10°45′44″E / 59.90333333°N 10.76222222°E / 59.90333333; 10.76222222

Middelalderparken er ein 70 dekar stor park som vart opna i år 2000 på Sørenga i Gamlebyen i Bydel Gamle Oslo i Oslo, sør for Bispegata og aust for Sørenggata. I dette området ligg det ruinar (leivningar av bygningar) frå mellomalderbyen Oslo frå tida før byen brann ned og vart flytt attmed Akershus festning etter påbod frå kong Christian IV. Dei låge ruinane av Clemenskyrkja, Mariakyrkja og kongsgarden ligg framme i dagen, og i undergrunnen er det truleg framleis leivningar av ymse slag frå gamal tid som ikkje bør øydeleggjast.

Middelalderparken er avgrensa i vest av eit utgrave 22 dekar stort, avlangt vatn med ei strand som skal illustrera plasseringa av om lag halvparten av mellomalderbyen Oslos strandline mot Oslofjorden i høgmellomalderen, ikring år 1300. Vatnet er avskore frå Oslofjorden (Bjørvika/Bispevika) av vegar.

Ein bygning i teglstein som står på området for Middelalderparken er ein gamal verkstad for jarnbanen som er teken ut or bruk for lang tid sidan, og som er verna som kulturminne frå nyare tid. Heile Sørenga var i si tid dominert av jarnbanespor for godstransport og oppstilling av godsvogner, særleg for gods til og frå skip ved kaiene i området. Ikkje noko av dette er att.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Middelalderparken