Midgard i Tolkien-verda

(Omdirigert frå Midgard (Tolkien))

Midgard (engelsk Middle-earth), er namnet på kontinentet der handlinga i fleire bøker av J.R.R. Tolkien finn stad. Namnet Midgard er ei norsk omsetjing av engelske Middle-earth. Namnet Middle-earth er igjen ei omsetjing av det gamalengelske ordet middangeard, som refererer til denne verda - menneska sitt land. I norrøn mytologi er Midgard den staden der menneska bur.

Tolkien omsette «Middle-earth» som Endor (kortform av Endórë) og Ennor på dei alviske språka quenya og sindarin. Mytologisk sett var den nordlege delen av Endor Euroasia (det eine, samla kontinentet for fleire millionar år sidan).

Mykje informasjon om Midgard er basert på verk som Tolkien aldri skreiv heilt ferdig. Mellom anna handlinga i bøkene Hobbiten og Ringdrotten går føre seg i Midgard.

Midgard er ein del av Arda, som tyder jorda på alvisk. Opphavleg fekk det namnet sitt av di det låg mellom Aman i vest og Sollanda lengst mot aust.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Midgard i Tolkien-verda
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.