Midtmaradalen

dal i Årdal, Noreg

Midtmaradalen[1] er ein nesten snorrett dal i Årdal kommune i Vestland fylke.[2] Dalen er ein typisk U-dal, og midt i dalen renn elva Midtmaradøla som vert til fossen Midtmaradalsfossen, som renn ut i elva Utla. Utla renn så vidare ned til Øvre Årdal. Utover våren og delar av sommaren vert dalen og sidedalen Stølsmaradalen nytta som beiteområde for villrein.[3] Øvst i Midtmaradalen, ved foten til Store Skagastølstind ligg Skagastølsbu. Ein sti frå Utladalen går gjennom heile Midtmaradalen, over passet der Skagastølsbu ligg og til Turtagrø.

Midtmaradalen
dal
Midtmaradalen in Jotunheimen.jpg
Midtmaradalen frå aust, mot Turtagrø.
Land Flag of Norway.svg Noreg

Midtmaradalen
61°26′18″ N 7°54′33″ E

KjelderEndra

  1. «Faktaark». Kartverket. Henta 02.12.2020. 
  2. «Norgeskart». Norgeskart. Henta 02.12.2020. 
  3. NaturRestaurering AS (2. mars 2016). «Utredning av hensyn til villrein og tamrein ved søknad om fornyet konsesjon Fortun-Grandfaste» (PDF) (norsk). Henta 11. august 2020.