Øvre Årdal
Øvre Årdal er ein industristad i Årdal kommune i Vestland. Tettstaden har 3 170 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved nordaustre enden av Årdalsvatnet, ved utlaupet til Utla, tolv kilometers køyring frå Årdalstangen.
Øvre Årdal | |||
stad | |||
Øvre Årdal ved Årdalsvatnet.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Årdal | ||
Areal | 1,84 km² | ||
Folketal | 3 170 (2017) | ||
Folketettleik | 1 723 / km² | ||
Postnummer | 6884 ØVRE ÅRDAL | ||
![]() Øvre Årdal | |||
Wikimedia Commons: Øvre Årdal | |||
Her ligg Farnes kyrkje frå 1970, Årdal vidaregåande skule og barne- og ungdomsskulen Farnes skule. Aluminiumsverket til Hydro Aluminium er ei hjørnesteinsverksemd i Øvre Årdal.
Øvre Årdal er òg namnet på eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet vart oppretta samstundes med opninga av Farnes kyrkje i 1970, då Årdal sokn vart delt i to sokn som fekk namna Øvre Årdal og Nedre Årdal. [1]
Folketalsutvikling Endra
Folketalsutvikling på Sogndalsfjøra | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 521 | |||
1930 | 611 | |||
1946 | 888 | |||
1950 | 1 892 | |||
1960 | 3 544 | |||
1970 | 4 794 | |||
1980 | 4 020 | |||
1990 | 3 818 | |||
2000 | 3 566 | |||
2009 | 3 456 | |||
2012 | 3 397 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Bilde Endra
-
Øvre ÅrdalFoto: Svein-Magne Tunli
-
Bustadhus i Øvre Årdal
-
-
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
Fotnotar Endra
Bakgrunnsstoff Endra
- Eldre fotografi frå Øvre Årdal på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Øvre Årdal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja=Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.