Opna hovudmenyen

Villreinen lever i Alaska, Kanada, Grønland, Noreg med Svalbard, Finland, Russland og i Kina. Systematikk og levevis er omtalt i artikkelen reinsdyr.

Innhaldsliste

Villreinen i SkandinaviaEndra

 
Villrein i Jotunheimen

Det er sju underarter av rein, men all rein tilhøyrer same art. I Skandinavia finst tre underartar:

  • tundraformen R. t. tarandus, som òg finst i Russland
  • Svalbardrein (R. t. platyrhynchus), som berre finst på Svalbard.
  • skogsrein (R. t. fennicus) i tre førekomstar i Finland .

Villreinen har vore i Noreg sidan innlandsisen trekte seg tilbake for ca. 10.000 år sidan. I mange tusen år var reinen livsgrunnlaget for fangstfolka som følgde reinen under trekket til dei ulike årstidsbeita.

Då tamreindrifta tok seg opp frå 1700-talet, fortrengde tamreinen villreinen frå store beiteareal. Når jakta ut på 1900-talet vart driven meir intensivt, førde det til at villreinen vart utkonkurrert og fordriven i heile Sverige, Finland og nesten hele Nord-Noreg. I Sør-Noreg var det rein igjen berre i nokre av fjellområda. I 1920-åra var villreinbestanden i Noreg neppe større enn 2.700 dyr. Frå 1930-åra vart jakta kvoteregulert, og reinbestanden auka på nytt og reinen spreidde seg til nye fjellområde. Forvilla tamrein bidrog i tillegg til å auke villreinbestandane.

Forvalting av villreinenEndra

Både opphavleg villrein, slik vi finn han i Rondane og på Dovre, og forvilla og utsett tamrein, slik vi finn han i Ottadalsområdet, vert i dag forvalta som villrein. I dag har vi i Noreg ein vinterbestand på om lag 30 000 villrein av varierande genetisk opphav, fordelt på 26 ulike villreinområde i Sør-Noreg.

Noreg er i dag det einaste landet i Europa som har rester av den opphavlege ville fjellreinen. Styresmaktene kjenner derfor eit ansvar for å ta vare på dette viltet, både ved å sikre livsgrunnlaget for fjellreinen, og for ved jakt å syte for at reinen ikkje et seg ut av matfatet.

Villreinområde i NoregEndra

Villreinområde Vinterstamme (2006) Forvalta av Fylkesmannen i:
1. Setesdal Ryfylke 1700 Vest-Agder
2. Setesdal Austhei 700 Aust-Agder
3. Skaulen Etnefjella 200 Rogaland
4. Våmur Roan 200 Telemark
5. Brattefjell Vindeggen 440 Telemark
6. Blefjell 150 Telemark
7. Hardangervidda 8000 Buskerud
8. Norefjell - Reinsjøfjell 570 Buskerud
9. Oksenhalvøya 30 Hordaland
10. Fjellheimen 500 Hordaland
11. Nordfjella (Hallingskarvet) 2500 Sogn og Fjordane
12. Lærdal Årdal 70 Sogn og Fjordane
13. Vest-Jotunheimen 340 Sogn og Fjordane
14. Sunnfjord 120 Sogn og Fjordane
15. Førdefjella 85 Sogn og Fjordane
16. Svartebotnen 80 Sogn og Fjordane
17. Ottadalsområdet 3000 Møre og Romsdal
18. Snøhetta 1400 Møre og Romsdal
19. Rondane 3500 Oppland
20. Sølnkletten 500 Hedmark
21. Tolga Østfjell 700 Hedmark
22. Forollhogna 1300 Hedmark
23. Knutshø 1370 Sør-Trøndelag

BakgrunnsstoffEndra