Midtun stasjon
Midtun stasjon, frå 1936 til 1994 Midtun haldeplass, er endestasjon på Gamle Vossabanen og ein tidlegare haldeplass på Vossabanen og Bergensbanen.[1][2] Han ligg på Midtun i Bergen, og vart opna i 1936 som Midtun haldeplass på Vossabanen, seinare Bergensbanen.[1][2] Då Ulrikstunnelen vart teken i bruk i 1964 vart haldeplassen nedlagd.[2] I 1994 vart haldeplassen teken i bruk att, som endestasjon på Gamle Vossabanen, no under namnet Midtun stasjon.[1][2] Stasjonen har òg eitt sidespor.
Midtun stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Midtun |
Distanse | 481 km frå Oslo |
Opna | 1936 (attopna i 1994 på Gamle Vossabanen) |
Nedlagd | 1964 (framleis i drift på Gamle Vossabanen) |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Vossabanen (1936–1964, del av Bergensbanen frå 1909) Bergensbanen (1909–1964) Gamle Vossabanen (1994–idag) |
Operatør(ar) | NSB (1936–1964) NJK (1994–idag) |
Overgang | |
24. mai 1960 køyrde eit tog frå Voss inn i ein gravemaskingrabb som hang framfor skeinegangen etter ei kran.[3] Toget heldt ein snøggleik på om lag 60 til 70 kilometer i timen, og klarte ikkje å stoppe.[3][4][5] Då toget ankom haldeplassen traff det grabben, og heile gravemaskinen falt ut i sporet foran toget.[3] Både lokomotivet og godsvogna bak spora av og velta.[3] Ingen av dei om lag 100 passasjerane kom til skade, men lokomotivføraren Anders Ødegård døydde på veg til Haukeland sjukehus.[3]
Sjå òg
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Midttun stasjon». Norsk Jernbaneklubb. Henta 2. august 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Strekningen». Norsk Jernbaneklubb. Henta 2. august 2015.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Togulykken på Midttun 24. mai 1960». Bergen Sporvei. Henta 2. august 2015.
- ↑ «NSB El 11.2091». Jernbanen.dk. Henta 2. august 2015.
- ↑ «Hold fingrene unna Gamle Vossebanen!!». Samfunnsmagasinet. Henta 2. august 2015.