Migron i Mateh Binyamin

Migron (hebraisk skrift מגרון) var ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 14 kilometer nord for Jerusalem i Mateh Binyamin regionale kommune. Han var den største utposten av sitt slag, med eit folketal på 300. Han vart grunnlagd første gong i 1999 og igjen i 2001,[1] på området som før 1967 høyrte til innbyggjarar i Burqa.[2] Den israelske regjeringa bidrog med 4,3 millionar NIS for å byggje Migron.[3] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[4]

Migron
מגרון
landsby
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°53′23.42″N 35°16′17.01″E
Folketal 260  (2011)
Grunnlagd 1999 (på ny i 2001)
Kart
Migron i Mateh Binyamin
31°53′23″ N 35°16′17″ E
Wikimedia Commons: Migron

Høgsteretten i Israel avgjorde 2. august 2011 at Migron var ulovleg bygd på landområde som høyrte til palestinarar og gav Israel ordre om å fjerne utposten i april 2012.[5] Den isralske regjeringa følgde ikkje ordren, men gav i staden innbyggjarane ein avtale om at dei måtte flytte ut innan 30. november 2015. Men den 25. mars 2012 stadfesta Høgsteretten kjenninga si og gav det israelske forsvaret ordre om å evakuere Migron innan 1. august 2012.[6] 2. september 2012 var evakueringa av Migron fullført, etter at innbyggjarane gjekk med på å flytte til ein ny stad nokre hundre meter sør for den tidlegare lokasjonen.

Kjelder endre

  1. «Profile Migron». Mateh Binyamin regionale kommune. Arkivert frå originalen 22. september 2017. Henta 29. november 2011. 
  2. Amira Hass, Migron’s palestinsk neighbors waiting to see if they get land back', at Haaretz 27. mars 2012.
  3. Lazaroff, Tovah (29. august 2012). «High Court orders Migron utpost evacuated». The Jerusalem Post. Henta 31. august 2012. 
  4. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  5. Chaim Levinson 02.08.11 (2. august 2011). «Israel's Supreme Court orders state to dismantle largest Vestbreidda utpost». Haaretz. Henta 25. mars 2012. 
  6. Tovah Lazaroff, Joanna Paraszcuk. «Court says Migron must be evacuated by August 1». The Jerusalem Post. Henta 25. mars 2012. «As the state has made clear, no body is authorized to permit the establishment of a settlement on private land»