Mikael Niemi

svensk skribent

Per Mikael Niemi (fødd 13. august 1959 er ein svensk (tornedalsk) forfattar.[1]

Mikael Niemi

Statsborgarskap Sverige
Fødd 13. august 1959 (64 år)
Pajala, Tärnaby, Sverige
Yrke Forfattar, lærar
Språk Svensk
Mikael Niemi på Commons

Biografi

endre

Niemi er frå Tärnaby i Tärna forsamling i Västerbottens län. Faren hans jobba i politiet og mora hans var lærar og talepedagog.[2] Han vart fødd i Tärnaby men vaks opp i Pajala og drøymde tidleg om å bli forfattar. I femtenårsalderen byrja han å skrive dikt og noveller. Han flytta til Luleå og utdanna seg til ingeniør innanfor el- og teleteknikk på fireårig teknisk linje ved Midskogsskolan. I Luleå vart han verande i 20 år før han flytte attende til Pajala.

Niemi, som mellom anna har jobba som lærarvikar, debuterte i 1988 med diktsamlinga Näsblod under högmässa. Han har skrive lyrikk, prosa og dramatikk for både radio og scene. Gjennombrotet fekk han med Populärmusik från Vittula, som òg fekk Augustpriset i 2000. Mykje av inspirasjonen kjem ifrå eigen oppvekst i det tospråklege Tornedalen.

Ei av fritidsinteressene hans er astronomi.[3]

Kona hans, Eelkje Tuma, er antropolog og opphavleg frå Friesland i Nederland. Ho kom til Tornedalen for å studere gravleggingstradisjonar.[4]

Forfattarskap

endre

Mikael Niemi debuterte i 1988 med ei diktsamling. Romandebuten kom i 1994 med ungdomsboka Kyrkdjävulen (omsett til bokmål som Djevelen i kirken), som vart følgt tre år seinare av Blodsugarna med same hovudpersonar. I 2000 slo han gjennom både hjå lesarar og kritikarar med romanen Populärmusik från Vittula (bokmål Populærmusikk fra Vittula) som seinare har vorte filmatisert og har omsett til mange språk. Den science fiction-inspirerte oppfylgjaren Svålhålet (bokmål Knølhølet) fekk meir blanda respons. Med Mannen som dog som en lax (bokmål: Mannen som døde som en laks), som har ytre form som ein kriminalroman, vende Niemi attende til Tornedalsmiljøet.[5]

Romanen Fallvatten (bokmål Fallvann) frå 2012 handlar om ein flaumkatastrofe i Norrbotten og vart veldig positivt teken imot av kritikarane. I 2017 kom romanen Koka björn (bokmål Koke bjørn) som handlar om prosten Lars Levi Laestadius.[6][7] Utanom lyrikk og prosa har Niemi òg skrive drama. Han var òg med og skreiv manus til komedieserien Bondånger som vart sendt på SVT i 1997–1998.[8]

Bibliografi

endre
  • 1983Rusning, hefte frå serien under trettio
  • 1988Näsblod under högmässan, diktsamling
  • 1988Mitt i skallen!, rapportbok om gymnasieskolen
  • 1989Änglar med mausergevär, diktsamling
  • 1989Med rötter här uppe, rapportbok om Tornedalen
  • 1994Kyrkdjävulen (bokmål: Djevelen i kirken), ungdomsroman
  • 1997Blodsugarna, ungdomsroman
  • 2000Populärmusik från Vittula (bokmål: Populærmusikk fra Vittula), roman, filmatisert i 2004 som Populärmusik från Vittula
  • 2004Svålhålet – Berättelser från rymden (bokmål: Knølhølet: fortellinger fra verdensrommet), science fiction-novellsamling
  • 2006Mannen som dog som en lax (bokmål: Mannen som døde som en laks), kriminalforteljing
  • 2006Jag gjorde Vietaskuppen, drama
  • 2010Skjut apelsinen (bokmål: Bomb dem!), ungdomsroman
  • 2012Fallvatten (bokmål: Fallvann), roman
  • 2017Koka björn (bokmål: Koke bjørn), roman

Kjelder

endre
  1. «Mikael Niemi, 50 år, firar med kultur». 12 augusti 2009. 
  2. «Mikael Niemi slår rot» (på svensk). Dagens nyheter. Arkivert frå originalen 29. september 2007. 
  3. «Amatörastronom i Pajala». Curie – en tidning från Vetenskapsrådet. Arkivert frå originalen 27. januar 2013. 
  4. «Eelkje Tuma, Invandrade författare». immigrantinstitutet.se. Arkivert frå originalen 22. juni 2020. Henta 22. juni 2020. 
  5. «Mikael Niemi». Norrbottensförfattare.se. Arkivert frå originalen 20. mai 2018. 
  6. «Fallvatten». Piratförlaget. 
  7. «Mikael Niemi». Piratförlaget. 
  8. «Ronny Erikssons Bondånger - Säsong 1 - Avsnitt 1 av 8: Dråpslaget» (på svensk). Henta 31. oktober 2020.