Mike Botts

Michael G. Botts (8. desember 19449. desember 2005) var ein USA-amerikansk trommeslagar, mest kjend som medlem av softrockbandet Bread og studiomusikar.

Mike Botts
Mike Botts, Bread 1971 (cropped).JPG
Fødd8. desember 1944(1944-12-08)
FødestadOakland i California
Død9. desember 2005 (61 år)
DødsstadBurbank i California
OpphavUSA
Instrumenttrommer, perkusjon
Tilknytte artistarBread, Bill Medley, Linda Ronstadt, Karla Bonoff, Andrew Gull, Richard Carpenter, Dan Fogelberg
Verka sommusikar

Han byrja i bandet The Travellers Three og arbeidde så som studiomusikar. Bandet spelte inn nokre songar med produsenten David Gates. Medan han arbeidde med Bill Medley, vart Botts invitert med i bandet til Gates, Bread, for det andre albumet deira. Han var fulltidsmedlem i bandet frå 1970 til 1973. Botts byrja så arbeide med Linda Ronstadt, og spelte med ho i over to år. Botts kom saman att med Bread i 1976 for eit siste album og turné, før bandet omsider vart oppløyst i 1978.

Han arbeidde så med Karla Bonoff og Andrew Gull, og spelte på hitten til Gull frå 1977, «Lonely Boy», og fortsette å arbeide i studio som som musikar, låtskrivar og produsent. I 1989 turnete han i Japan med Richard Carpenter. To år seinare turnerte han med Dan Fogelberg. I 1996 vart Bread samla att for ein verdsturné som varte til hausten 1997. Botts spelte sidan inn det einaste soloalbumet sitt, Adults Only, i 2000.

Botts døydde i Burbank i California, ein dag etter 61-årsdagen sin, etter tjukktarmskreft.

BakgrunnsstoffEndra