Mike Heron
James Michael Heron (fødd 27. desember 1942) er ein skotsk songar, låtskrivar og multiinstrumentalist, mest kjend for arbeidet sitt med Incredible String Band i 1960- og 1970-åra.
Mike Heron | |||
| |||
Fødd | 27. desember 1942 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh i Skottland | ||
Fødenamn | James Michael Heron | ||
Aktiv | Sidan 1965 | ||
Instrument | Vokal, gitar, klaverinstrument, sitar, munnspel, bass, mandolin, harpe | ||
Tilknytte artistar | The Incredible String Band Heron | ||
Plateselskap | Island Records | ||
Verka som | Songar, låtskrivar |
Etter å ha spelt fleire forskjellige instrument i britiske beat-grupper, var Heron med å skipe det psykdeliske folkebandet Incredible String Band med Robin Williamson og Clive Palmer. Det første soloalbumet til Heron, Smiling Men with Bad Reputations, kom ut i 1971 på Island Records, med gjesteartistar som The Who og John Cale. Etter at The Incredible String Band vart oppløyst i 1974, skipa Heron Mike Heron's Reputation. Dette bandet var meir rockeprega, men gav berre ut eitt sjølvtittulert album på Neighbourhood Records. Heron gav ut mange fleire soloalbum på forskjellige album, men ingen av dei fekk den same suksessen han hadde hatt i lag med Williamson i ISB.
I 1997 kom dei to tidlegare kollegaene saman for eit utval av konsertar og ein av desse vart teken opp og kom ut på Bloomsbury 1997. Palmer kom med to år seinare for ei rekkje Incredible String Band-konsertar i Storbritannia i Europa.
Solodiskografi
endre- Smiling Men with Bad Reputations (1971)
- Mike Heron's Reputation (1975)
- Diamond Of Dreams (som Heron) (1977)
- Mike Heron (1979)
- The Glen Row Tapes (1988)
- Where the Mystics Swim (1996)
- Conflict Of Emotions (1998)
- Futurefield (2002)
- Echo Coming Back (2005)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mike Heron» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: