Mike Kellie

Michael Alexander Kellie (24. mars 194718. januar 2017)[1] var ein engelsk musikar, komponist og plateprodusent.

Mike Kellie
Mike Kellie.jpg
Kellie, 2015
Fødd24. mars 1947(1947-03-24)
FødestadBirmingham, England
Død18. januar 2017 (69 år)
FødenamnMichael Alexander Kellie
OpphavStorbritannia
Aktiv1966–1985; 1999–2017
Sjanger
Instrument
  • Trommer
  • perkusjon
  • vokal
Tilknytte artistar
Verka som
  • Musikar
  • komponist
  • plateprousent

I ein karriere som varte over 50 år, var Kellie medlem av rockegruppene The V.I.P.s, Spooky Tooth og The Only Ones. Han var òg ein aktiv studiomusikar og har arbeidd med The Who på filmusikken til Tommy, Joe Cocker, Traffic, George Harrison, Jerry Lee Lewis, Peter Frampton, Maurice Gibb frå Bee Gees, Gary Wright, Johnny Thunders, Luther Grosvenor, Neil Innes, Steve Gibbons, Chris Jagger, Nanette Workman, Sean Tyla, Jim Capaldi, Pat Travers og Andy Fraser.

I 2014 gav Kellie ut det første soloalbumet sitt, Music from The Hidden, medan han framleis var medlem av The Only Ones. Han døydde i 2017 etter kort tids sjukdom.

KjelderEndra

  1. «Mike Kellie (The Only Ones, Spooky Tooth drummer) RIP - Louder Than War». louderthanwar.com. 19. januar 2017. Henta 21. juli 2019. 

BakgrunnsstoffEndra