Traffic var eit engelsk rockeband, skipa i Birmingham,[1] i april 1967 av Steve Winwood, Jim Capaldi, Chris Wood og Dave Mason.[2] Dei byrja som ei psykedelisk rockegruppe, men vart sidan meir variert med bruk av instrument som Mellotron og cembalo, sitar og treblåseinstrument med element av jazz og improvisasjon i musikken sin.[2] De tre første singlane deira var «Paper Sun», «Hole in My Shoe» og «Here We Go Round the Mulberry Bush».[1]

Traffic

Traffic i 1973
OpphavBirmingham i England
Aktiv
  • 1967–1969
  • 1970-1974
  • 1994
  • 2004
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerSjå om medlemmar
PrisarGrammy Hall of Fame Award, Rock and Roll Hall of Fame

Traffic vart oppløyst i 1969, då Winwoood vart med i Blind Faith, men kom saman att i 1970 og gav ut det kritikarroste albumet John Barleycorn Must Die. Besetninga deira varierte ein del frå då av og fram til dei vart oppløyst igjen i 1974. Ei delvis sameining med Winwood og Capaldi fann stad i 1994.[2]

Traffic vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2004.

Historie endre

Songaren, klaverspelaren og gitaristen i Traffic, Steve Winwood, var frontmann og songar for The Spencer Davis Group då han var 14 år gammal. The Spencer Davis Group gav ut fire topp 10-singlar og tre topp 10-album i Storbritannia, i tillegg til to topp 10-singlar i USA.[2] Trommeslagaren, vokalisten og tekstforfattaren Jim Capaldi og gitaristen Dave Mason hadde begge vore i The Hellions og Deep Feeling, medan blåsaren Chris Wood kom frå Locomotive.

Winwood, Capaldi, Mason og Wood møttest då dei jamma i lag i The Elbow Room, ein klubb i Aston i Birmingham.[3] Etter Winwood slutta i The Spencer Davis Group i april 1967 vart kvartetten Traffic skipa.[2] Capaldi kom opp med namnet på gruppa då dei fire venta på å krysse gata i Dorchester.[4] Kort tid etter leigde dei ei hytte nær landsbyen Aston Tirrold i Berkshire for å skrive og øve inn ny musikk.[3]

Traffic fekk kontrakt med selskapet til Chris Blackwell, Island Records (der den eldre broren til Winwood, Muff, som òg spelte i The Spencer Davis Group, seinare vart plateprodusent og sjef) og debutsingelen deira, «Paper Sun», vart ein hit i Storbritannia midt i 1967 (fjerdeplass i Canada).[2] Den andre singelen deira, Mason sin psykedeliske popsong «Hole in My Shoe», vart ein enno større hit (òg fjerdeplassen i Canada) og vart ein av dei mest kjende songane deira. Den tredje singelen deira, «Here We Go Round the Mulberry Bush», vart laga for filmmusikken til filmen med same namn.[2] Debutalbumet deira var Mr. Fantasy, produsert av Jimmy Miller, og som singlane, vart det ein hit i Storbritannia, men ingen andre stader. Det nådde likevel 88. plassen i USA.[5]

Mason slutta i gruppa på grunn av kunstnariske skilnader[6] kort tid etter Mr. Fantasy kom ut, men kom attende i bandet for nokre månader i 1968,[7] lenge nok til å medverke til ein del av songane på det andre albumet deira, Traffic. Albumet kom ut i1968, og inneheldt originalversjonen til Mason sin «Feelin' Alright», som seinare vart spelt inn til stor suksess av Joe Cocker og Three Dog Night.[1] Winwood, Wood og Capaldi ønskte å ta gruppa i ei ny retning, og gjekk for ein vise- og bluesstil i staden for den tidlegare psykedeliske stilen, medan Mason var meir innretta mot psykedelisk pop. Mason var heller ikkje heilt komfortabel med livsstilen til Traffic.[7] Bandet turnerte i USA som ein trio seint i 1968, som førte til at det neste albumet deira, Last Exit, hadde ei side med konsertopptak. I 1968 spelte ofte Winwood og Wood med Jimi Hendrix, og dei var begge med på The Jimi Hendrix Experience-albumet Electric Ladyland i 1968. Det same var Mason, sjølv om han ikkje var ført opp på albumet.

Bandet vart oppløyst då Winwood slutta tidleg i 1969. Det vart ikkje sagt kvifor han slutta, heller ikkje til Capaldi og Wood, men han sa seinare det var «på grunn av måten eg slutta The Spencer Davis Group. Eg såg ikkje noko grunn til kvifor eg ikkje skulle forlate Traffic og gå vidare. Det verka heilt normalt å gjere det slik.»[7] Kommentaren til Winwood stemmer ikkje sidan Davis Group fortsette etter han slutta.

Winwood skipa så supergruppa Blind Faith, som varte mindre enn eitt år, og spelte inn eitt album og gjenomførte ein amerikansk turné. Dei attverande medlemmane i Traffic byrja på eit prosjekt i lag med Mick Weaver (òg kjend som Wynder K. Frog), i det kortvarige Mason, Capaldi, Wood and Frog (seinare forkorta til Wooden Frog), som spelte nokre få konsertar og spelte inn nokre opptak for BBC, før dei vart oppløyst.

Etter Blind Faith vart oppløyst i 1969, byrja Winwood å arbeide på ei soloinnspeling, og henta inn Wood og Capaldi for å hjelpe til, og prosjektet vart etter kvart omgjort til eit nytt Traffic-album, John Barleycorn Must Die, som vart den største suksessen deira til då. Traffic utvida besetninga si seint i 1970 med den tidlegare Blind Faith-medlemmen Ric Grech på bass. Gruppa vart ytterlegare utvida i 1971 med trommeslagaren Jim Gordon frå Derek and the Dominos og den ghanesiske perkusjonisten Rebop Kwaku Baah.[1] Konsertalbumet Welcome to the Canteen kom ut i september og markerte at bandet var ferdige på United Artists Records. Det hadde ikkje namnet «Traffic» på framsida, og i staden var dei individuelle namna på medlemmane oppført, inkludertMason, som kom attende får den tredje og siste perioden sin med bandet. Albumet enda med ein versjon av The Spencer Davis Group-songen «Gimme Some Loving», som vart ein liten hit.

Etter at Mason slutta, gav Traffic ut The Low Spark of High Heeled Boys (1971), som nådde topp 10 på albumlista i USA, men som ikkje gjekk inn på lista i Storbritannia. Plata var òg kjend for det utstansa plateomslaget. Det selde over ein halv million eksemplar i 1972 og fekk gullplatestatus i USA. I mars 1976 hadde det selt ein million eksemplar og fekk platinaplate i USA.[8] Nok ein gong førte personlege problem til endringar i bandet, og Grech og Gordon slutta i bandet i desember 1971[9] og månaden etter, vart Winwood sjuk med bukhinnebetennelse og Traffic måtte ta ein pause. Jim Capaldi brukte pausen til å spele inne eit soloalbum, Oh How We Danced,[10] som vart starten på ein lang og suksessrik solokarriere for han. Albumet inneheld ein song som var til overs etter innspelinga av The Low Spark of High-Heeled Boys, «Open Your Heart», og med seg på innspelinga hadde han trommeslagaren Roger Hawkins og bassist enDavid Hood frå husbandet til Muscle Shoals Sound Studio. Capaldi henta dei etter kort tid inn i bandet for å erstatte Grech og Gordon.[1]

Den nye besetninga (Winwood, Capaldi, Wood, Kwaku Baah, Hawkins, Hood) turnerte i Amerika tidleg i 1972 for å marknadsføre plata og konserten deira i Santa Monica Civic Auditorium den 21. februar vart spelt inn med fleirsporsopptakar og filma i fargar med fleire kamera. Den 64 minuttar lange konserten skal vere det einaste lengre filmopptaket av gruppa. Det vart ikkje sendt på fjernsyn på den tida, men vart sidan gjeven ut på video og DVD.

Etter Windwood vart frisk att, gav dei ut det sjette albumet til Traffic, Shoot Out at the Fantasy Factory, i 1973. Det fekk ganske dårleg kritikk, men selde særs godt. Kort tid etter la bandet ut på ein verdsturné og opptak frå konsertane kom ut på det doble konsertalbumet On the Road.[9] Det vart det første albumet deira på ei stund som gjekk inn på den britiske albumlista, då det nådde 40. plassen der.[11] Gleden over suksessen var derimot kortvarig då Hawkins, Hood og Kwaku Baah slutta etter verdsturneen var over,[9] i tillegg til at Chris Wood sleit med eit aukande dopmisbruk og depresjon.

Bassisten Rosko Gee erstatta David Hood, medan Capaldi byta attende til trommer. When the Eagle Flies kom ut i 1974 og vart nok eit topp 10-album i USA og selde moderat i Storbritannia. Den påfølgjande turneen i USA selde godt,[9] men kjenslemessig vart det slitsamt for bandet. Capaldi sa seinare «Rosko Gee og eg var dei einaste som var nokolunne i normal form. Steve hadde stadige problem med bukhinnebetennelsen og kroppen til Chris sleit med den kjemiske krigføringa.»[10] Winwood nådde til slutt kokepunktet og gjekk av scenen midt under ein konsert som viste seg å bli den siste konserten deira, i Chicago. Dagen etter forlet han turneen utan eit ord til nokon som helst, medan resten av bandet venta på han på staden dei skulle halde konsert den kvelden.[10] Resten av bandet meinte at Winwood var så viktig for musikken til Traffic at dei ikkje kunne fortsette utan han.

Etter Traffic vart oppløyst gav United Artists ut to samleplater (Heavy Traffic og More Heavy Traffic), som begge var baserte på den første halvparten av albuma deira.

Steve Winwood la ut på ein solokarriere, medan Rosko Gee og Rebop Kwaku Baah vart med i det tyske bandet Can. Kwaku Baah døydde i 1983 og Capaldi dediserte albumet Fierce Heart til han. Chris Wood døydde òg det året av lungebetennelse.

Fil:Traffic Virgin.jpg
Winwood og Capaldi i 1994

Alle dei gjenlevande medlemmane frå den siste besetninga til Traffic kom saman att i 1994 for ein enkel turné, etter at ein fan hadde sendt ei talemelding til Bob Weir (frå Grateful Dead) på eit hotell i Chicago under «Scaring the Children»-turneen deira i 1992, og føreslo at det hadde vore kult om Traffic turnerte med Grateful Dead. Traffic varma opp for Grateful Dead på sommarturneen deira. Fløyte og saksofon vart spelt av Randall Bramblett, som hadde arbeidd mykje med Steve Winwood. Mike McEvoy vart med i besetninga på klaverinstrument, gitar og bratsj, og Walfredo Reyes jr. spelte trommer og perkusjon. Winwood og Capaldi spelte inn og gav ut eit nytt Traffic-album, Far from Home, utan at dei fire andre medlemmane var involverte. Det nådde så vidt topp 40 i Storbritannia og USA. The Last Great Traffic Jam, var eit dobbelt konsertalbum og DVD som kom ut i 2005 og dokumenterte turneen deira i 1994.

Dei fire originale medlemmane i Traffic vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 15. mars 2004. Winwood, Capaldi, Mason og Stephanie Wood (som var med for den avdøde broren Chris) var alle med på seremonien. Winwood og Capaldi spelte under seremonien men fekk med seg Dave Mason på songen hans 'Feelin' Alright' for den store finalen, der òg Keith Richards, Tom Petty og The Temptations var med. Med seg hadde dei òg Bramblett på orgel og basspedalar, sjølv om han ikkje var blant medlemmane som vart innlemma.[12]

Det vart lagt planar om eit nytt Traffic-prosjekt, men det vart skrinlagd då Jim Capaldi døydde 60 år gammal i januar 2005. Winwood dediserte så The Last Great Traffic Jam «til mannen som Traffic ikkje ville ha eksistert utan: min livslange partner og ven, Jim Capaldi.»

Dear Mr. Fantasy var ei feiring for Capaldi i The Roundhouse i Camden Town i London den 21. januar 2007. Blant gjestene var Steve Winwood, Paul Weller, Pete Townshend og mange fleire. Dear Mr. Fantasy bestod av musikk av Jim Capaldi og Traffic, og alle inntektene gjekk til The Jubilee Action Street Children Appeal.

Medlemmar endre

Tidslinje endre

Diskografi endre

Studioalbum endre

Konsertalbum endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 999–100. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Traffic Biography. AllMusic.
  3. 3,0 3,1 «Traffic». Brumbeat.net. Arkivert frå originalen den 19. mars 2008. Henta 4. mars 2008. 
  4. The Last Great Traffic Jam. [DVD]. Epic. 
  5. Traffic in the USA charts Arkivert 2. februar 2011 ved Wayback Machine., Allmusic. Henta 20. juli 2019.
  6. Steve Winwood: English Soul. (2011) TV. BBC4. 2. mars 2013
  7. 7,0 7,1 7,2 Black, Johnny (May 1997). Feature: Steve Winwood Arkivert 28. september 2011 ved Wayback Machine., Mojo.
  8. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 305. ISBN 0-214-20512-6. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Joynson, Vernon (1995). The Tapestry of Delights Arkivert 30. november 2011 ved Wayback Machine.. London: Borderline Books.
  10. 10,0 10,1 10,2 Capaldi, Jim (1983). «The Ends of Traffic, Soloing & Brazil», Fierce Heart press kit.
  11. Traffic in the UK Charts Arkivert 20. november 2011 ved Wayback Machine., The Official Charts. Henta 20. juli 2019.
  12. (2011). In Dear Mr Fantasy: The Jim Capaldi Story (pp.32–43) [CD booklet]. London: Freedom Songs Ltd.
  13. 13,0 13,1 «Traffic - Album Discography - AllMusic». AllMusic. Arkivert frå originalen den 26. oktober 2017. Henta 25. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Traffic
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Traffic