Mikhail Zjelev (15. juli 19435. januar 2021) var ein bulgarsk tidlegare hinder- og landistanseløpar. Han vart europameister i 3000 meter hinder i 1969.

Mikhail Zjelev
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 15. juli 1943
Sliven
Død

5. januar 2021 (77 år)
Sliven

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Zjelev deltok ved europameisterskapen 1966 i Budapest, utan å gå vidare frå forsøksløpar. Frå 1967 til 1971 vann han derimot tre strake hindersigrar i Balkanleikane, i 1967 sigra han også på 10 000-meter og i 1969 på 5 000 meter.

OL-sesongen 1968 forbetra Zjelev den personlege rekorden til 8.36,8 og overraska med å verte nummer seks i hindertevlinga under dei olympiske leikane i Mexico-byen hausten 1968.

Under europameisterskapen 1969 i Aten gjorde Zjelev sitt livs løp og vann gullmedaljen på tida 8.25,0, seks tidels sekund framom Aleksandr Morozov frå Sovjetunionen. Også i 1970-sesongen høyrde han til den absolutte verdstoppen i øvinga, sigerstida 8.29,4 i ein semifinale i europacupen for landslag var den beste oppnådd av ein europear, einast to australiarar sprang fortare i 1970.

Zjelev var sjanselaus på å nå hinderfinalen då EM 1971 fann stad i Helsinki. Under Sommar-OL 1972 i München kvalifiserte han seg til finalen, men enda som 12. og sistemann.

Zjelev vart bulgarsk meister på 3000 m hinder i 1966, 1968–1970, samt 1974. Han vart elles bulgarsk meister på 10000 meter i 1968, og på 5000 meter i 1969 og 1970.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Friidrott 69, 71, 72, 73.

Bakgrunnsstoff endre