Mikhailovhalvøya
Mikhailovhalvøya (russisk Poluostrov Mikhailova) er ei lita halvøy på austkysten av Karahavet og på vestsida av Tajmyrhalvøya i Krasnojarsk kraj i Russland.
Mikhailovhalvøya | |||
halvøy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Tajmyrhalvøya | ||
Mikhailovhalvøya 75°05′00″N 87°15′00″E / 75.08333333°N 87.25°E | |||
Plasseringa til Mikhailovhalvøya i Karaahavet
| |||
Wikimedia Commons: Mikhailov Peninsula (Taymyr) |
Mikhailovhalvøya er dekt av tundra og ligg nord for Mininaskjera. Halvøya er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.[1]
Klimaet i området er kaldt med lange, bitre vintrar. Havet omkring Mikhailovhalvøya er dekt av is det meste av året. Smeltinga byrjar i midten av juni, men alt i september frys havet til igjen.
Historie
endreI 1921 fann ein sovjetisk-norsk ekspedisjon leia av Nikifor Begitsjev, som leita etter Roald Amundsen sine menn Peter Tessem og Paul Knutsen, restane av eit leirbål med forkola bein nær Mikhailovhalvøya. Ein meinte at dette var restane av dei to nordmennene. Nyare forsking har derimot vist at leirbålet truleg kom frå den mislukka Rusanov-ekspedisjonen.[2]
Kjelder
endre- ↑ Great Arctic State Nature Reserve Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- ↑ William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919.
- Denne artikkelen bygger på «Mikhailov Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919.
- Naturreservat Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.