Mikulov
Mikulov (tysk Nikolsburg) er ein by i Tsjekkia, som ligg midt i regionen Sør-Mähren. Han ligg like nær grensa til Austerrike og har om lag 7600 innbyggjarar.
Mikulov | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamlebyen i Mikulov | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Kraj |
Tsjekkia Sør-Mähren | ||||
Byrettar | 1410 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 45,317984 km² | ||||
Flatevidd - By |
45,34 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
7 374 168/km² | ||||
Koordinatar | 48°48′20″N 16°38′0″E / 48.80556°N 16.63333°E | ||||
Høgd over havet | 242 m | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 692 01 | ||||
Heimeside: http://www.mikulov.cz/ | |||||
Nettstad: www.mikulov.cz | |||||
Plassering | |||||
Geografi
endreMikulov ligg i utkanten av eit åslendt landskap og ved ein stor innsjø. Byen ligg om lag 200 til 250 meter over havet. Eit biosfærereservat definert av UNESCO startar ved Mikulov og det same gjer det moraviske karstlandskapet.
Historie
endreMikulov var åstad for Nikoklsburg-traktaten den 31. desember 1621 under trettiårskrigen. Etter den austerriksk-prøyssiske krigen starta grev Alajos Károlyi å utarbeide ein fredsavtale i Mikulov som førte til Prahatraktaten i 1866.
I 1938 hadde byen nesten 8000 (hovudsakleg tysktalande) innbyggjarar, men berre om lag 5200 i 1948. Dei etniske tyskarane vart kasta ut i perioden 1945-46. I 1938 var det òg 472 hovudsakleg tysktalande jødar. 372 av desse overlevde ikkje holocaust
Det viktigaste landemerka i byen er Mikulovborga til Dietrichstein-familien og Piarist-gymnaset.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mikulov» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2008.