Miloslava Rezková, kjend som Milena Rezková, (22. juli 195019. oktober 2014) var ein tsjekkisk høgdehoppar som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho var olympisk meister i høgdehopp i 1968 og europameister i same i 1969.

Milena Rezková
Miloslava Rezková 1968.jpg
Fødd 22. juli 1950
Praha
Død

19. oktober 2014
Praha

Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Rezková hadde enorm framgang i 1968-sesongen. Ho forbetra den personlege bestenoteringa frå 1,66 m til 1,82 m. I finalen under sommarleikane i Mexico-byen det året hoppa ho opp til sitt aller beste og vann noko overraskande OL-gullet, då ho var den einaste som gjekk over 1,82 m.

I 1969 var Rezková ein av fire utøvarar som klarde 1,83 m under friidretts-EM i Aten. Sidan ho presterte høgda i fyrste forsøk, og ingen gjekk over 1,85 m, stakk ho av med gullmedaljen. To år seinare, under EM i friidrett 1971 i Helsingfors, vart ho nummer fem i høgdetevlinga med 1,83 m i sluttprotokollen.

Rezková stoppa på 1,82 m i kvalifiseringa til OL-finalen 1972, og kom dermed ikkje med til finalen, som vart vunnen av Ulrike Meyfarth frå Vest-Tyskland på 1,92 m. Betre gjekk det i europameisterskapen i Roma i 1974, der kom Rezková på femteplass med 1,86 m.

KjelderEndra