Milhsjøen

innsjø i Irak

Milhsjøen (بحيرة ملح, Bahr al-Milh, tyder «Saltsjøen»), òg kjend som Razzazasjøen, er ein innsjø nokre kilometer vest for Karbala i Irak. Milhsjøen ligg i ei senking i terrenget der overskotsvatn frå Habbaniyahsjøen, som kjem frå Eufrat, vert leia gjennom ein kontrollert kanal. Insjøen er oppført som eit internasjonalt viktig våtmarksområde.[1] Innsjøen er heller grunn og vassnivået endrar seg med årstidene. På grunn av salt og det skiftande vassnivået, har denne største ferskvassjøen i Irak mista mykje av fiske som fanst her og berre nokre få fritidsstader finst att kring innsjøen.[1][2]

Milhsjøen
saltsjø
Frå verdsrommet i juni 1996
Land  Irak
Guvernement Karbala guvernement
Tilsig Kanal frå Habbaniyahsjøen som kjem frå Eufrat
Utløp Eufrat
Koordinatar 32°45′N 43°38′E / 32.750°N 43.633°E / 32.750; 43.633
Areal 156 km²
Kart
Milhsjøen
32°46′06″N 43°36′23″E / 32.768333333333°N 43.606388888889°E / 32.768333333333; 43.606388888889
Wikimedia Commons: Lake Milh

Geograi endre

 
Eit nyare satellittbilete av Milhsjøen i 2010, teken av World Wind-prosjektet.

Innsjøen dekkjer 156 kvadratkilometer og er omgjeve av ørkenområde, med nokre få, låge åsar langs kysten. Innjøen og området rundt ligg i ei høgd på 28 til 56 meter over havet. Vestsida av dalen som innsjøen ligg i er dekt av tjukke skogar, utanom frukthagar. I aust og sør er terrenget flatt og består av ørken. Slamflater er vanleg langs innsjøen..[1]

Dei geologiske formasjonane i og kring innsjøen består av mergel, silstein, gips og kalkstein, men hovudsakleg silt.[1]

Innsjøen ligg 95 km sørvest for Bagdad,[1] og 10 km vest for Karbala i Karbala guvernement.[3]

Historie endre

Innsjøen vart fylt midt på 1970-talet, nedanfor Haur Al Habbaniya for å kontrollere flaumnivået i Eufrat.[1][4] Lokale innbyggjarar sa at vassdjupna i innsjøen vart redusert med kring 5 til 10 meter sidan 1993, under regimet til Saddam Hussein. Dette kom hovudsakleg av at for lite vatn vart avleidd frå Habbaniyasjøen, der hovudføremålet er vatning.[1] Omleiinga av vatnet er blitt avgrensa til berre éin dag kva 15. dag. Dette har òg påverka fiske i innsjøen, som tidlegare kunne utnyttast året rundt.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Razzaza Lake (Bahr Al Milh)». Birdlife International. Henta 25 November 2015. 
  2. «Iraq: Livelihoods at risk as level of Lake Razaza falls». IRIN News. 5 March 2008. Henta 25 November 2015. 
  3. Scott 1995, s. 225.
  4. «Bahr al Milh». USGS: Earth Resources Observation and Science (EROS) Center. Henta 25. november 2015.