«Milli Surood» (pasjto, دا وطن افغانستان دى) eller «Soroud-e melli» (dari), 'Nasjonalsongen', er nasjonalsongen til Afghanistan. Songen blei teken i bruk i 2006. Han har tekst av Abdul Bari Jahani og musikk av Babrak Wassa. I tråd med den afghanske grunnloven frå 2004 er teksten på pasjto, nemner alle dei afghanske folkegruppene, og inneheld utsegna Allahu akbar ('Gud er stor').

Tekst endre

Pasjto Transliterasjon Omsetjing
Første vers

دا وطن افغانستان دى
دا عزت د هر افغان دى
كور د سولې، كور د تورې
هر بچى يې قهرمان دى

Dā watan Afγānistān dai,
dā izat də har Afγān dai
Kor də sule, kor də ture,
har bačai ye qahramān dai

Dette landet er Afghanistan,
det er byrgskapen til kvar afghanar
Landet av fred, landet av sverd
kvar av sønene det har er modige

Andre vers

دا وطن د ټولو كور دى
د بلوچو، د ازبكو
د پــښــتون او هزارهوو
د تركمنو، د تاجكو

Dā watan də ttolo kor dai,
də Baločo, də Uzbəko
də Pax̌tun}aw Hazārawo,
də Turkməno, də Tāǰəko

Dette er landet til kvar ein stamme
til balotsjar, til usbekar
til pasjunar og hazaraer
til turkmenar, til tadjikar

Tredje vers

ور سره عرب، ګوجر دي
پاميريان، نورستانيان
براهوي دي، قزلباش دي
هم ايماق، هم پشايان

Wər sara Arəb, Guǰər di,
Pāmiryān, Nuristānyān
Brāhuwi di, Qizilbāsh di,
ham Aimāq, ham Pašāyān

Åt dei er arabarar, gujjarar
pamirar, nuristanar
brahuifolk, qizilbashar,
og aimaqar, og pasjaiar

Fjerde vers

دا هيواد به تل ځلېږي
لكه لمر پر شنه آسمان
په سينې كې د آسيا به
لكه زړه وي جاويدان

Dā hiwād ba təl dzaleγ̌i,
ləka lmar pər šnə āsmān
Pə sine ke də Āsyā ba,
ləka zrrə wi ǰāwidān

Dette landet vil alltid stråla
som sola pa ein blå himmel
I brystet åt Asia,
vil det alltid vera hjartet

Femte vers

نوم د حق مو دى رهبر
وايو الله اكبر
وايو الله اكبر
وايو الله اكبر

Num də haq mo dai rahbar,
Wāyu Allāhu Akbar,
Wāyu Allāhu Akbar,
Wāyu Allāhu Akbar

Me vil følgja den eine guden
Me seier alle «Gud er stor»
Me seier alle «Gud er stor»
Me seier alle «Gud er stor».

Tidlegare song endre

Den tidlegare nasjonalsongen heitte også 'Nasjonalsongen'. Teksten til denne songen blei skriven av Suleiman Laeq og melodien komponert av Ustad Salim Sarmast. Han blei innført i 1978 etter avskaffinga av monarkiet, og teke i bruk igjen i 2002Taliban-styret i landet fall. Under Taliban var musikk forbode, og ein hadde ingen nasjonalsong.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Offisielle nettstader med opptak av nasjonalsongen: