Milly Bergh
Andrea Fredrikke Emilie «Milly» Ihlen, òg kjend som Milly Thaulow og Milly Bergh (1. oktober 1860–1937) var ein norsk skodespelar og operettesongar, seinare journalist, matskribent og motekåsør. Ho opptredde òg som pianist og songar, og gav dessutan ein periode songundervising. Ho utmerkte seg òg som kvinnesakaktivist.
Milly Bergh | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1860 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Horten kommune | ||
Død | 10. november 1937 (77 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Verka som | songar, pianist, journalist, skribent, skodespelar | ||
Mor | Julie Ihlen | ||
Far | Nils Ihlen | ||
Ektefelle | Carl Thaulow, Ludvig Bergh |
Familie
endreMilly Bergh var dotter av admiralen og den første direktøren for klassifiseringsselskapet Det Norske Veritas, Nils Ihlen (1824–1905), og dyrevernforkjemparen Julie Fredrikke Ihlen f. Nicolaysen (1840-1922). Ho vart gift 25. juni 1881 med legen og sanitetskapteinen Carl Thaulow (1851-1915), bror av kunstmålaren Frits Thaulow. Ekteskapet vart oppløyst 4. april 1891. Ho vart gift for andre gong den 14. mai 1891 med skodespelaren Haakon Ludvig Bergh (1865-1924). Ekteskapet vart oppløyst 30. mai 1911. Dottera Julie Anna Johanne Bergh (1890-1962) vart gift med skodespelaren Hans Bille.
Liv og virke
endreMilly Bergh vart som ung kjend som modell for fleire motebilete, noko som var ganske uvanleg for ei admiraldotter. Ho vart ein kjend skikkelse i det øvre sjiktet av selskapslivet i Kristiania. Sommaren og hausten 1885 hadde ho eit forhold til Edvard Munch, medan ho enno var gift med Carl Thaulow, og ho blir rekna som den første store kjærleiken til Munch. Det havarerte forholdet dannar bakteppe for Munch sitt måleri Livets dans (1899-1900).
Milly gav songundervising i Kristiania i 1887-1888, og då ho var vorten gift med Ludvig Bergh, opptredde ho fleire gonger saman med han, både som songar og som pianist.
I 1893 gjennomføra ho den såkalte Milly Bergh-turneen, der ho framførte konsertar og operettar. I første halvdel av 1890-åra var ho knytt til Carl Johan Teateret på Christiania Tivoli, men etter skilsmissa frå Bergh opphøyrde sceneaktiviteten.
Milly Bergh vert rekna blant Noregs første mote- og matskribentar. I tillegg til å ha forfatta boka Morsom mat, omsette ho i 1906 Maurice Maeterlinck sitt Pelléas et Mélisande til norsk.
Rollar i utval
endre- Therese Valbrezque, kullhandlerske i Gilles operette Kulhandlerne (Milly Bergh-turneen, 1893)
- Evrydike i Orfeus i Underverda av Jacques Offenbach (Carl Johan Teateret, 1893, og dessutan i København)
- Melanie von Stanislewska i lystspelet Ein Lurifas (Carl Johan Teateret, 1893)
- Fru Dahl i operetten Dragon Clairette (Carl Johan Teateret, 1894)
- Kammerjomfrua i lystspelet Dei raude Dominoane (Carl Johan Teateret, 1894)
Bibliografi
endre- 1921: Morsom mat, Gyldendal
Litteratur
endre- Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 22. ISBN 8200056228.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Milly Bergh» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav denne kjelda:
- Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 22. ISBN 8200056228.