Miloš Srejović[a] (fødd 12. april 1956) er ein serbisk, tidlegare jugoslavisk, friidrettsutøvar. Han vart europameister i tresteghopp i 1978.

Miloš Srejović
Statsborgarskap Serbia
Fødd 12. april 1956 (68 år)
Serbia
Idrett friidrett

Aktiv endre

Srejović vart jugoslavisk meister i tresteghopp i perioden 1975-78. Under EM i friidrett 1978 i Praha oppnådde han 16,94 m, ein centimeter lengre enn legendariske Viktor Sanejev frå Sovjetunionen, som måtte nøye seg med sølvmedaljen.

Sin personlege rekord sette Srejović 20. september 1981 i Sarajevo med 17,01 meter, då han vart nummer to i Balkan-leikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje – 16,94 m, framom Viktor Sanejev (16,93 m)

Merknadar endre

  1. Serbisk-kyrillisk Милош Срејовић

Kjelder endre