Mimas Peak
Mimas Peak er eit spisst, kjenneleg fjell, med ei høgd opp mot kring 1 000 moh, som ligg vest for toppen av Saturnbreen og 9 nautiske mil (17 km) vest for Dione Nunataks søraust på Aleksanderøya i Antarktis. Det vart oppdaga og fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og kartlagd frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Fjellet vart oppdaga frå avstand i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og grovt plassert på kartet. Fjellet vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter tilknytinga til nærliggande Saturnbreen. Mimas er ein av månane til Saturn. Fjellet og det omliggande området vart først kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå FIDS i 1960.
Mimas Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 1 000 moh. | ||
- koordinatar | 71°56′S 69°36′W / 71.933°S 69.600°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mimas Peak 71°56′00″S 69°36′00″W / 71.9333°S 69.6°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mimas Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).