Mindel er ei elv i Bayern sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Mindel har sitt utspring vest for Kaufbeuren i Allgäu-regionen, og renn hovudsakleg nordover. Av byar langs elva finn ein Mindelheim og Thannhausen, og elva munnar ut i Donau aust for Günzburg.

Mindel
elv
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 953 km²
Lengd 75 km
Middelvassføring 10 /s
Kjelde Allgäu
Munning Donau
Kart
Mindel
48°30′26″N 10°23′14″E / 48.5072°N 10.3872°E / 48.5072; 10.3872
Wikimedia Commons: Mindel

Mindel gav namn til Mindelistida i Alpane. Denne istida (som oppstod for om lag 350 000 til 250 000 år sidan, vert kalla Elsteristida i Nord-Europa og Kansanistida i Nord-Amerika.

Kjelder

endre