Gongga Shan
(Omdirigert frå Minya Konka)
Gongga Shan eller Minya Konka er eit 7 556 meter over havet høgt fjell i fjellkjeda Daxue Shan i provinsen Sichuan i Kina. Fjelltoppen, som er den høgste i Sichuan, ligg i fjellregionen Hengduan, mellom elvane Dadu He og Yalong.
Gongga Shan | |||
fjell | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Gongga Shan 29°35′45″N 101°52′45″E / 29.595833333333°N 101.87916666667°E | |||
Wikimedia Commons: Minya Konka |
Gongga Shan er det austlegaste av alle 7 000 meter-fjella i heile verda, samt den tredje høgste fjelltoppen utanfor Himalaya/Karakoram, einast Tirich Mir og Kongur Tagh når større høgder.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Gongga» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2014.