Tirich Mir
Høgd: Vest: 7 690 meter, aust: 7 692
Geo. koord.: 71° 50′A 36° 15′N
Land: Pakistan
Klatrerute: Bre-, snø- og isklatring
Første oppstiging: Vest 1950: Arne Næss, P. Kvernberg,
H. Berg, og T. Streather.
Aust 1964: Ralph Høibakk og
Anders Opdal

Tirich Mir er eit fjellmassiv med ein tvillingtopp, og det høgste fjellet i Hindukush i nordre Pakistan. Massivet dekkjer om lag 250 km² og femnar om om lag 15 andre toppar over 6 000 meter.

Næraste by er Chitral, kor ein kan sjå begge toppane. Folkesetnaden der nytta opphavleg namnet Tirich Mir berre om Austtoppen, mens Vesttoppens verklege namn er Laghshor. Dette kjende ikkje Arne Næss til før i januar 1964. Derfor kan ein seie at 1950-ekspedisjonen i grunnen steig opp på Vesttoppen ved eit mistak. 1950-ekspedisjonen blir likevel rekna som første oppstiginga av Tirich Mir. I 1950 var det den fjerde høgste oppstiginga nokosinne — Annapurna I i Nepal vart erobra berre få veker føre (8 091 meter).

Per Kvernberg var den første personen i 1950-ekspedisjonen som tok seg opp den siste etappen mot Vesttoppen den 22. juli 1950 etter å ha klatra åleine utan hjelp frå berar det siste døgnet. Arne Næss, Tony Streather og Henry Berg greidde toppen neste dagen.

Kjelder endre

  • Næss, A Opp stupet til Østtoppen av Tirich Mir Gyldendal Norsk Forlag, Oslo (1964)