Mira Verås Larsen (fødd Mira Falch17. april 1987) er ein norsk padlar som representerer Strand Kajakk Klubb i Bærum.

Mira Verås Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1987
Bærum
Idrett padling
Yrke padler

I 2009 vart Mira Verås Larsen noregsmeister på både 500, 1000 og 5000 meter.[1] Dagen før opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London vart det klårt at ho skulle vera flaggberar for Noreg under seremonien, 106 år etter at oldefar hennar, Oswald Falch, var med og tok eit av dei fyrste OL-gulla for Noreg. Det var i linjegymnastikk under dei ikkje-anerkjende sommarleikane i 1906 i Aten.[2]

Mira er gift med padlaren og OL-meisteren Eirik Verås Larsen. Dei to var dei einaste padlarane som deltok for Noreg under sommar-OL 2012. Mira Verås Larsen enda her med å bli slått ut i semifinaleheatet i 1500 meter kajakk.[3]

FotnotarEndra