Mirella Mierzejewska

Mirella Mierzejewska (fødd 9. desember 1963) er ein polsk tidlegare handballspelar frå Szczecin. I tida 1982-93 spelte ho 176 landskampar og skåra 694 mål for Polen, landslagsrekord i Polen på kvinnesida inn til 2015. Ho var ein hardtskytande rykkromspelar.

Mirella Mierzejewska
Statsborgarskap Polen
Fødd 9. desember 1963 (60 år)
Szczecin
Idrett handball

Mierzejewska var 1981-91 aktiv i Pogoń Szczecin, bortsett frå 1988/89-sesongen då ho spelte for AKS Chorzów. Med Pogoń Szczecin vart ho polsk meister i 1983, 1986 og 1991. Frå hausten 1990 til 1995 spelte Mierzejewska på det norske topplaget Gjerpen IF, der ho var med på å vinne NM-finalen 1990/91 og verte seriemeister i 1992 og 1993. Desse sesongane i Gjerpen var Mierzejewska ein sentral spelar i laget, saman med Hanne Hegh og Siri Eftedal.

Under B-VM 1983 vart Mierzejewska teken for dopingbruk, og vart utestengt frå idretten i 12 månader. Sidan representerte ho Polen i verdsmeisterskapane 1986, 1990 og 1993, der ein niandeplass i 1990 var det beste Polen makta.

Kjelder endre