Hanne Hegh
Hanne Hegh (fødd 27. april 1960) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann VM-bronse i 1986 og OL-sølv 1988 med Noregs handballandslag for kvinner. Ho vann elles fire noregsmeisterskap og to seriemeisterskap med Gjerpen IF.
Hanne Hegh | |
![]() | |
Fødd | 27. april 1960 (60 år) Oslo |
Yrke | handballspelar, handballtrenar |
Hegh debuterte for Noreg 2. november 1979. Ho var kaptein på dei norske landslaga som vann bronsemedalje i handball-VM 1986 i Nederland og sølvmedalje under Sommar-OL 1988 i Seoul. Hegh deltok i si siste meisterskapsturnering ved handball-VM 1990. Ho var playmaker (spelesjef) i angrepsspelet og skåra 361 mål på sine 202 landskampar.
Med idrettslaget Gjerpen IF vann Hegh NM-finalen i 1985, 1986, 1990 og 1992 og seriemeisterskapen i 1991 og 1993.
Også dottera Emilie Hegh Arntzen har vunne meistertitlar med det norske handballandslaget.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Hanne Hegh» frå Wikipedia på tysk, den 4. desember 2016.