Siri Eftedal Seland (fødd 22. mai 1966) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skien som i åra 1992-94 vann OL-sølv, VM-bronse og EM-bronse. Rykkrom-spelaren hadde sin styrke i skot frå golvnivå.

Siri Eftedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1966 (57 år)
Skien kommune
Yrke handballspelar

Eftedal spelte fyrst på det lokale laget Halsen IF, før ho prøvde seg ei tid hos Larvik Turn. Størst suksess hadde i Gjerpen Idrettsforening, eit lag ho vann fleire nasjonale turneringar med.

Eftedal debuterte på det norske landslaget den 16. oktober 1984, i kamp mot Island. Men det skulle gå åtte år før ho fekk vere med i ei stor meisterskaps-turnering. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona sikra ho norsk finaleplass med ei skåring i sluttsekundane. I OL-finalen vart det norsk stortap mot Sør-Korea. Under Handball-VM 1993 på heimebane gjorde ho ein fin figur då Noreg vann bronsen etter 20-19-siger over Romania. Året etter var ho med å vinne bronsemedalje ved handball-EM i Berlin, i ein meisterskap der ho bidrog mindre. Eftedal spelte 110 landskampar og stod for til saman 258 nettkjenningar.

Merittar endre

  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
  • VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania
  • EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn

Kjelder endre