Handball-NM 1990/91 for kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1990/91 for kvinner vart vunne av Gjerpen Idrettsforening gjennom finalesiger 26-20 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

SemifinalaneEndra

FinalenEndra

Finalen vart avvikla i Skienshallen sundag 3. februar 1991 framfor 2 450 tilskodarar. Heimelaget Gjerpen leia 11-9 ved pause. I den andre omgangen drog laget frå Skien ifrå og kunne kontrollere inn til siger ein klar seksmålssiger 26-20.

Gjerpen IF sitt lag bestod av Ellen Øygarden, Jeanette Nilsen (målvakter), Tone Rekdal, Hanne Hegh 11 mål, Anne Migliosi (1), Linda Oldrup Jensen, Siri Eftedal (3), Liv Schønhardt Westgård, Siv Eriksen, Helen Berntsen, Tone Anne Alvestad (3), Gro Knutsen og Mirella Mierzejewska (8).

Byåsen IL mønstra Hege Frøseth, Heidi Johansen (målvakter), Trine Haltvik (5), Karin Pettersen (6), Marit Johnsen, Mia Hermansson-Högdahl (3), Gry Haltvik (1), Kari Knudsen (4), Mette B. Olsen, Mona Dahle (1), Hilde Overvik.

Dommarparet Svein Olav Øie og Bjørn Høgsnes straffa Gjerpen med to 2-minuttsutvisingar og Byåsen med ei.

KjelderEndra