Mirja Kyllikki Hietamies-Eteläpää (7. januar 193114. mars 2013) var ein finsk langrennar frå Lemi i Södra Karelen som vart olympisk meister i stafett 1956 i Cortina d'Ampezzo og vann sølvmedaljen på 10 km under dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952.

Mirja Hietamies

Dei finske gullvinnarane i 3 x 5 km stafett under Vinter-OL 1956, frå venstre Sirkka Polkunen, Mirja Hietamies og Siiri Rantanen
Statsborgarskap Finland
Fødd 7. januar 1931
Lemi
Død

14. mars 2013 (82 år)
Savitaipale

Yrke langrennsløpar, skihoppar
Høgd 162 centimeter
Mirja Hietamies på Commons

Hietamies tok sølvet då dei finske utøvarane sikra seg alle medaljane i 10 km langrenn under Vinter-OL 1952, den aller fyrste internasjonale meisterskapstevlinga for kvinnelege langrennarar. Landskvinna Lydia Wideman vann gullet og Siiri Rantanen bronsen. To år seinare kom Hietamies inn til bronse i den individuelle tevlinga, og gjekk andre etappen for Finlands sølvlag i 3 x 5 km stafett då Ski-VM 1954 vart avvikla i Falun.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo tok dei tre sølvkvinnene frå Falun-VM steget heilt til topps på sigerspallen etter OL-stafettevlinga. Sirkka Polkunen, Hietamies og Siiri Rantanen vann, 27 sekundar framom Sovjetunionen og med 47 sekundar til gode på Sverige.

Hietamies vart finsk meister på 10 km i 1953 og 1956.

Kjelder endre