Siiri Johanna Rantanen, fødd Lintunen, (14. desember 19245. mai 2023) var ein finsk idrettsutøvar frå Tohmajärvi i Norra Karelen som vart olympisk meister i 3 x 5 km langrenns-stafett i 1956. I alt vann ho åtte medaljar (1-3-4) i OL/VM-tevlingar 1952-62. Rantanen var aktiv både i langrenn, friidrett og sykling.

Siiri Rantanen

Statsborgarskap Finland
Fødd 14. desember 1924
Tohmajärvi
Død

5. mai 2023 (98 år)
Lahtis

Yrke langrennsløpar, sykkelryttar, friidrettsutøvar, mellomdistanseløpar
Språk finsk
Siiri Rantanen på Commons
Rantanen under Ski-VM 1958

Langrenn

endre

Rantanen deltok og vann ein olympisk bronsemedalje då kvinnelangrenn under Vinter-OL 1952 i Oslo for fyrste gong stod på programmet i ein internasjonalt meisterskap. Framfor seg på resultatlista på 10 km hadde ho landskvinnene Lydia Wideman og Mirja Hietamies. To år seinare vann ho sølv, både på 10 km og i 3 x 5 km stafett, ved Ski-VM 1954 i Falun.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart Rantanen med ein femteplass beste finne i den individuelle tevlinga. Fire dagar seinare gjekk ho Finland inn til olympisk gull i 3 x 5 km stafett, 27 sekundar framom favorittane frå Sovjetunionen. Dei andre på vinnarlaget var Sirkka Polkunen og Mirja Hietamies.

Ski-VM 1958 vart avvikla på finsk heimegrunn i Lahti, sikra Rantanen seg bronsemedaljen på 10 km og ho gjekk Finland inn til sølv på stafetten. Både ved vinterleikane 1960 i Squaw Valley og Ski-VM 1962 i Zakopane vann Finland, med Rantanen på startetappen, bronse i 3 x 5 km stafett. I 1962-VM kom ho elles på fjerdeplass i den då nye distansen over 5 kilometer.

Friidrett og sykling

endre

Rantanen var finsk meister i terrengløp i 1960 og i 3 x 800 m stafett i 1961. I 1961 vart ho også finsk meister i landevegssykling.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar