Mitiarjuk Nappaaluk

Mitiarjuk Attasie Nappaaluk CM (193130. april 2007)[1] var ein kanadisk inuittisk forfattar.[2] Ho er best kjend for Sanaaq, ein av dei fyrste romanane skrivne på inuktitut.[3] Boka blei skriven før, men gjeven ut etter Markoosie Patsauq si Harpoon of the Hunter.[2]

Mitiarjuk Nappaaluk
Statsborgarskap Canada
Fødd 1931
Kangiqsujuaq
Død

30. april 2007 (76 år)
Kangiqsujuaq

Yrke skribent, lærar, bilethoggar, omsetjar

Liv endre

Nappaaluk blei fødd i 1931 i nærleiken av Kangiqsujuaq nord i Quebec.[4] Ho byrja fyrst formell utdanning då ho var tjue.[5] Tidleg på 1950-talet byrja ho å skriva på Sanaaq då ein misjonær frå Oblatfedrane som var i området ba henne skriva nokre setningar på inuktitut så han kunne læra språket.[2] Romanen blei skriven med inuktitut-stavingsskrift. Han blei fyrst gjeven ut i 1984, men fekk raskt ei viktig kulturell stilling blant inuittar i heile det kanadiske Arktis.[2] Det blei gjeve ut ei fransk omsetjing av romanen i 2002 og ei engelsk omsetjing i 2014.[2]

Nappaaluk omsette også den katolske bøneboka til inuktitut, og skreiv fleire bøker om tradisjonelt språk og kultur for bruk i inuittskular. Ho var med på Inuktitut Language Commission i Nunavik og var ein konsulent ved Kativik School Board.[4] Ho var gift med Naalak Nappaaluk, som også var ein kjend forkjempar for inuittiske kulturtradisjonar.[6]

Prisar og utmerkingar endre

Ho blei utnemnd til Member of the Order of Canada i 2004.[7] Ho vann også ein National Aboriginal Achievement-pris, og mottok ein æresgrad frå McGill University.[7]

Kjelder endre