Markoosie Patsauq

kanadisk skribent

Markoosie Patsauq (24. mai 19418. mars 2020) var ein kanadisk inuittisk forfattar frå Inukjuak i Nunavik nord i Quebec.[1][2] Han er best kjend for Harpoon of the Hunter (ᐊᖑᓇᓱᑦᑎᐅᑉ ᓇᐅᒃᑯᑎᖓ), den fyrste romanen på inuktitut til å bli utgjeven. Romanen blei skriven etter, men gjeven ut før (1970), enn Mitiarjuk Nappaaluk sin Sanaaq.[3]

Markoosie Patsauq
Fødenamn ᒫᑯᓯ ᐸᑦᓴᐅᖅ
Fødd 24. mai 1941
Inukjuak
Død

8. mars 2020 (78 år)
Inukjuak

Yrke skribent, flygar
Språk inuktitut

Liv og virkeEndra

Patsauq blei fødd nær Inukjuak i Quebec.[4] Familien hans var ein av dei som blei tvangsflytta til Resolute i Nortdvestterritoria under High Arctic relocation-programmet i 1953.[5] Han gjekk seinare på high school i Yellowknife.[6]

Patsauq skreiv oppvekstromanen Harpoon of the Hunter i 1969 medan han verka som flygar (den fyrste inuittiske flygaren i Canada), medan han sat vêrfast.[7] Han brukte stoff han hadde høyrd og spurt seg fram til frå familiemedlemmar og eldre i lokalsamfunnet sitt.[7] Forteljinga kom ut som framhaldsroman i det inuittiske bladet Inuttituut, og blei gjeven ut i ei engelsk omsetjing utført av Patsauq i 1970.[6] Den engelske utgåva blei omsett til ukrainsk og gjeven ut i 1974 av forlaget Veselka. Ho blei også omsett til dansk og tysk.[7] Det kom ut ei fransk omsetjing i 2013, og omsetjingar til hindi og marathi i 2015.[8][9] Det er sidan gjort forsøk på å laga nye omsetjingar frå den opphavleg inuktitut-teksten.[7]

Patsauq skreiv også noveller og sakprosa, men ingen av dei andre verka hans blei så godt kjende som Harpoon of the Hunter.[4]

Han døydde i mars 2020 i heimen sin i Inukjuak.[4]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra