Mizuki Noguchi

Japansk langdistanskjører, sportskommentatorinne, 2004 Summer Olympics (Athens) marathonsk gull medalist

Mizuki Noguchi (fødd 3. juli 1978) er ein japansk tidlegare langdistanseløpar som i 2004 vart olympisk meister i maratonløping.

Mizuki Noguchi
Statsborgarskap Japan
Fødd 3. juli 1978 (46 år)
Ise
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2004
Utmerkingar Æresmedalje med lilla band

Aktiv

endre

Noguchi vart i 1999 nummer to i VM i halvmaraton. Fram til 2004 deltok ho i 24 halvmaratonløp, 14 desse løpa vann ho. I mars 2002 sprang ho i Nagoya sitt fyrste maratonløp, der ho sigra på tida 2.25.35. Året etter vann ho Osaka maraton på 2.21.18. Seinare i 2003 sprang Noguchi inn til VM-sølv under verdsmeisterskapen i Paris/Saint-Denis, med sluttida 2.24.14 kom ho i mål 19 sekundar etter Catherine Ndereba frå Kenya.

I dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten vart rollene omsnudd, her sigra Noguchi etter 2 timar 26 og 20 sekundar ute i Aten-gatene. 12 sekundar seinare sprang Catherine Ndereba inn til OL-sølv. Våren 2005 sette Noguchi asiarekord då ho vann Berlin maraton på sterke 2.19.12, hennar livs fortaste maratonløp. I november 2007 vann Noguchi Tokyo maraton på ny løyperekord, 2.21.37, og la der etter opp.

Kjelder

endre