Mjølne eller Mjolne (òg kalla Mjølner; norrønt Mjǫllnir) er hammaren og viktigaste våpenet til Tor i norrøn gudelære. Ifølgje Den yngre Edda ville hammaren alltid nå målet sitt, og slå så hardt brukaren måtte ønskja. Om han vart kasta mot noko, ville han aldri bomma, og heller ikkje flyga så langt at han ikkje ville finna tilbake til eigaren. Mjølne kunne òg bli så liten at han kunne berast inni trøya. Tor brukte hammaren mot jotnar og andre uvesen, som Midgardsormen.

Mjølne som gullsmykke. Teikning av eit funn frå Öland.
Dvergane smir Mjølne.

Soger

endre

Ifølgje Skaldskaparmål i Snorre-Edda lagde dei to dvergane Brokk og Sindre hammaren på oppdrag frå Loke. Ettersom han hadde vedda hovudet sitt på at dei ikkje ville kunne laga like fine ting som Ivaldesønene, prøvde Loke, i flugeham, å hindra dei i arbeidet. Då dei skulle laga hammaren, lukkast han i å få Brokk til å stoppa å blåsa med belgen eit bel, og hammaren fekk dermed eit litt for kort skaft.

Trymskvida fortel om korleis hammaren ein gong fall i hendene til jotnane, og Tor og Loke måtte bruka list for å få han attende.

 
Runestein ved Stenkvista i Södermanland i Sverige med teikning av Mjølne.

Torshammaren blei brukt som smykke i norrøn tid. Det er særleg funne mange hammaranheng i område med sterk kristen påverknad, som sørlege Noreg, søraustre Sverige og Danmark.[1] Ettersom hammaren kan minna mykje om dei likearma kristuskrossa som var vanlege blant kristne på denne tida, kan ein tenka seg at å bera torshammaren som smykke var ein måte å hevda den gamle trua på.[2] Ein finn også hammaren avbilda på runesteinar frå Danmark og Sør-Sverige, tidvis med innskrifter som ber Tor om å vaka over døde. Igjen kan dette vera eit svar på kristen skikk med å be Gud om vern for dei døde.[3]

I nyare tid har mange nyheidenske åsatruande teke i bruk hammaren som symbol. Ein finn også hammaren i bruk som meir eller mindre symbolsk pynt i fleire andre miljø, til dømes innan tungmetallmusikk, særleg svartmetall og vikingmetall. Elles finn ein Mjølne i kommunevåpenet til Torsås i Kalmar län og i logoen til Bornholm MuseumBornholm.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Mjolnir» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Ellis Davidson, H.R. (1965), Gods And Myths Of Northern Europe, ISBN 0140136274 
    • Turville-Petre, E.O.G. (1964), Myth and Religion of the North: The Religion of Ancient Scandinavia, London: Weidenfeld and Nicolson 
    • Orchard, Andy (2002), Norse Myth and Legend, London: Cassell 
Fotnotar
  1. Engelsk Wikiedia oppgav Turville-Petre 1964, s. 83
  2. Engelsk Wikipedia oppgav Ellis Davidson 1965, s. 81
  3. Engelsk Wikipedia oppgav Ellis Davidson 1965, s. 82-83