Mjøs
Mjøs, uttala [mø:s], er ei grend på Radøy. Den opphavlege matrikkelgarden er delt i mange bruk.
Mjøs | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Postnummer | 5936 MANGER | ||
Gardnummer | 16 | ||
Mjøs 60°42′40″N 4°58′39″E / 60.7112°N 4.9776°E |
Namnet Mjøs er ei samantrekning av Midhus som tyder den midtre garden. Då garden vart teken opp i mellomalderen, låg han mellom to andre gardar, Nordanger og ein gard som vart lagt aude under Svartedauden . Denne Øyjorda vart sidan ein del av landet til matrikkelgarden Mjøs. Før reformasjonen kom garden under biskopen i Bergen, etter reformasjonen vart alt krongods. På 1600-talet var garden delt i seks bruk, på 1900-talet var talet på bruk oppe i meir enn tjue. Sidan er gardar slegne saman att, så talet på gardsbruk er redusert.
Kjelder
endre- Anders Haugland (2006). Radøy gjennom tidene. Radøy kommune ISBN 82-995960-1-7.
- Mjøs i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne