Mjøskalk

Mjøskalk eller mjøskalkstein er ein kalkstein frå ordovicium frå den nordlege delen av Oslofeltet. Han inneheld nokre av dei eldste korallreva i verda. Kalken er både finkorna og tett, og har ein farge som varierer frå grå til mørk grå avhengig av grafittinnhaldet (organisk materiale). Mjøskalken er delvis særs rein (opptil 96 % kalk), og mellom anna dolomitt, kvarts, feltspat og kloritt.

Han vert broten på Toten og ved Furuberget, nord for Hamar. Innhaldet av forureinande komponentar gjer at bruken av mjøskalk (gjennom kalkbrenning) berre avgrensar seg som miljøkalk, til jordbruket og celluloseindustrien[1], sjølv om han tradisjonelt sett òg har blitt brukt som bygningsstein og til finpukk.

Kalksteinen er kalla opp etter Mjøsa og namnet vart innført i 1908 av Johan Kiær, som var professor i paleonotologi og historisk geologi ved Universitetet i Oslo.

KjelderEndra