Grafitt er eit særs bøyeleg og blautt mineral med svart farge og strek. Mineralet er så bløytt at det fargar papir svart. Grafitt er den alminnelege modifikasjonen av krystallisert karbon. Men karbon er polymorft, og ved høgt trykk vil diamant vere den stabile fasen.

Grafitt

Grafitt
Generelt
KategoriNative element mineral
Kjemisk formelC
Strunz-klassifisering01.CB.05a
KrystallsymmetriHeksagonal diheksagonal dipyramidal
H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 63/mmc
Einingscellea = 2,461 Å, c = 6,708 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeJernsvart til stålgrå; mørkeblå i transmittert lys
KrystallformSøyleforma, sekskanta blada massar, korna til kompakte massar
KrystallsystemHeksagonal
TvillingFinst
KløyvBasal – perfekt på {0001}
BrotFlakete, elles kantete når ikkje på kløyv
FastleikFleksibel, ikkje-elastisk, kan skjerast
Mohs hardleiksskala1–2
GlansMetallisk, jordaktig
StrekfargeSvart
TransparensUgjennomsiktig, gjennomsiktig berre i ekstremt tynne flak
Tettleik2,09–2,23 g/cm3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (–)
PleokroismeKraftig[1]
OppløyselegheitSmelta nikkel
Kjelder[2][3][4]

Grafitt vert nytta i smelteverk og metallindustri til eldfaste diglar og støypeformer, sidan han toler ein temperatur på nesten 4000 °C. Dessutan blir grafitt brukt til belegg i bremsetromlar, som smøremiddel og i blyantar, batteri, anodar og mykje anna.

Grafitt finst særleg naturleg i metamorfe bergartar (fylittar og gneisar)[5] og kan. I Noreg finst det til dømes ved Skaland på Senja, Jennestad i Sortland og Holandsfjord i Nordland.

Verda over vert det produsert naturleg grafitt på kring 600 000 tonn per år. Dei største produsentlanda er Kina, India, Mexico, Brasil og Madagaskar. Høgaste grafittkvalitet får ein frå Sri Lanka.

Kjelder endre

  1. [1] Handbook of mineralogy
  2. Graphite. Mindat.org.
  3. Graphite. Webmineral.com.
  4. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1990). «Graphite». Handbook of Mineralogi (PDF). I (Elements, Sulfides, Sulfosalts). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209708. 
  5. Torgeir Garmo 1989, Norsk steinbok norske mineral og bergartar, 2. utgåva, s 36, ISBN 82-00-18125-1

  • Raade, Gunnar. «Grafitt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff endre