Mo kyrkje i Nordhordland

(Omdirigert frå Mo kyrkje i Modalen)

Mo kyrkje står i kommunesenteret Mo i Modalen kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd 1882–83.

Mo kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Modalen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Mo
Fellesråd Mo
Type Langkyrkje
Arkitekt Johannes Arnesson Øvsthus[1]
Innvigd 11. juli 1883[2]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 220[3]
Kart
Mo kyrkje i Nordhordland
60°48′56″N 5°48′08″E / 60.8155°N 5.8022°E / 60.8155; 5.8022
Wikimedia Commons: Mo kirke (Modalen)
Mo kyrkje i Nordhordland is located in Hordaland
Plasseringa til Mo kyrkje
Mo med kyrkja

Arkitekt for bygget var Johannes Øvsthus frå Hosanger.

Det har vore kyrkje på Mo sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Mo-kyrkja nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja har mest truleg vore ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1593.[1] Den lafta kyrkja vart riven då dagens kyrkje var ferdigbygd 1883, og ho stod like nordom den noverande kyrkja.

Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo i Nordhordland prosti. Ostereidet prestegjeld vart oppretta i 1967 av Ostereidet sokn som vart skild ut frå Hamre og Mo sokn som vart skild ut frå Hosanger prestegjeld. Før 1749 høyrde Mo sokn til Hamre prestegjeld.[4]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Mo kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 2. april 2009
  2. «Mo kyrkje» på nettstaden scandion.no
  3. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Mo kyrkje, Modalene», s. 367
  4. «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket, arkivert frå originalen 22. mars 2009, henta 2. april 2009 

Bakgrunnsstoff endre