Moai er namnet på steinstatuane på Påskeøya. Dei fleste statuane er hogde ut i eit stykke, men nokre har lause steinpukauar på hovudet. Det finst meir enn 600 kjende moai, fordelt over heile øya. Ved Rano Raraku, der dei fleste moai vart hogde ut av klippa, finst det nesten 400 meir eller mindre ferdige statuar. Steinbrotet verkar som det stoppa brått, ettersom det finst fleire halvferdige statuar igjen i klippa. Alle utstilte moai har seinare vorte velta av dei innfødde øybuarane.

Moai ved Rano Raraku.

Sjølv om statuane oftast kallast før «hovuda» så har mange av moaiane skuldrer, armar og kroppar. Statuane har med tida sokke ned i jord og berre hovuda stikk opp. Meininga med statuane er ikkje kjend og det finst mange teoriar om deira eksistens.

Den vanlegaste teorien er at statuane vart hogde ut av ein polynesisk folkesetnad på øyane, for 1000 år sidan eller endå tidlegare. Dei vert sagt å representere døde forfedrar eller viktige personar, som merke på gravene deira. Kanskje dei i staden avbildar personar som var viktige når statuen vart reist, eller statuar over personar i familien til den som reiste statuen. Uansett måtte dei ha vore vanskelege å framstille; ikkje berre er arbeidet med å hogge ut kvar statue noko som tok fleire åt, men statuane måtte dessutan slepast tvers over øya frå staden den vart laga til staden den skulle stå på. Korleis statuane vart flytta er ikkje kjent, men sannsynlegvis vart sledar av tre eller kanskje også rullar.

Gamle øylegender fortel om ein klanhøvding på jakt etter ein ny heim. Plassen han vart buande på vert i dag kalla Påskeøya. Når han døydde vart øya delt opp mellom sønene hans. Når ein høvding for ein av desse klanane døydde vart ein moai plassert på høvdingen si grav. Øybuarane trudde att statuen skulle halde igjen høvdingen sin «mana» (overnaturlege krefter). Gjennom at manaen vart halden igjen på øya trudde øybuarane at gode tider kom, regn skulle kome og grødene skulle vekse. Denne legenda kan ha blitt forvrengt frå den opphavlege ettersom den har funnest så lenge. Ting kan ha vorte funne opp for å piffe opp og gjere den meir interessant.


Commons har multimedium som gjeld: Moai