Statue (frå fransk statue, latin statua, 'støtte' eller 'biletstøtte', jfr statuo, 'setja fram' eller 'stille opp') er ei skulpturell avbilding av ein skikkelse, ofte menneske eller dyr. Statuar kan til dømes framstilla viktige personar, personleggjorte idear eller gudar, og blir ofte sette opp på offentlege stader. Dei kan vera rein pynt, men er ofte meint å æra det dei framstiller, og er ofte monument som symboliserer guddommeleg eller statleg makt.

Ein liten statue blir kalla ein statuett. Ei skulpturell framstilling av eit hovud er ei byste, medan ein statue av berre ein kropp blir kalla ein torso.

Historie endre

 
Steinalderstatuen kjend som «La Dame de Saint-Sernin» i Aveyron, frå rundt 3000 f.Kr.

Statuar er kjende frå førhistorisk tid. Mot slutten av steinalderen og i koparalderen i Europa blei det sett opp frittståande skulpturar, særleg i det sørlege Europa, i form av bautasteinar med grovt utskorne menneskeliknande trekk. Hovudsakleg er ansiktstrekk, hår og lemmer på overkroppen skårne ut, medan underkroppen er definert meir sjeldan, og dei har ikkje munn. Det er ukjend kvifor ein laga slike statuar, men det er nærliggande å tru at dei blei brukte i samband med religiøse ritual.[1]

 
Bedande mann frå rundt 2750-2600 f. Kr., funne i Tell Asmar i Mesopotamia. Truleg blei statuen sett opp for å be til guden Abu på vegner av ein person.
Foto: Rosemaniakos

Oldtidssvilisasjonane har late etter seg ei rekkje statuar som i stor grad er knytte til religiøse føremål og gravstader. Ein rekna gjerne med at ein slik representasjon av eit vesen også hadde noko av sjelen til vesenet det framstilte, slik at eit gudebilete også ville reknast for å vera sjølve guden, medan statuar av folk og dyr i gravkammer kunne ventast å vera til hjelp for den avdøde i livet etter døden.[2] Parsismen og jødedommen skilde seg ut frå naboreligionar gjennom å ikkje tilbe i statuar, ei lære som også har prega kristendommen og islam, men skikken har halde seg til moderne tid i austlege religionar, der statuar av gudar eller religiøse leiarar kan vera sentrale i utøvinga.[3][4]

 
Gresk kourous, ung mann-statue, frå om lag 540-530 f.Kr.
 
Renessanseskulpturen av David blei laga av Michelangelo frå 1501 til 1504.

Skulpturkunsta i det gamle Hellas blei utvikla til eit nivå som skulle inspirera ei rekke seinare kunstnarar, med ledigare og meir anatomisk presise statuar, gjerne av figurar i rørsle. I tillegg til statuar av gudar blei det også laga avbildingar av vanlegare folk, som ungdommar og idrettsheltar. Dei perfekte kroppane til dei greske statuane inspirerte både etterfølgjande romersk kunst, renessansen og seinare vestleg skulptur. Dei skilde seg dermed frå dei stiliserte egyptiske statuane dei slekta på, og på statuar i ei rekke andre tradisjonar, som har lagt meir vekt på symbolske, ofte religiøse framstillingar.[5]

 
Italiensk statue frå 1900-talet som framstiller elva Dora Riparia i kvinneskikkelse.

Mange av dei antikke statuane var av gudar og gudekongar. I den kristne europeiske tradisjonen laga ein religiøse statuar av treeininga, særleg Jesus, og helgenar, men mot slutten av mellomalderen blei statuar av leiarar og personleggjorte omgrep som ikkje var guddommelege også vanlege. Kongar og hærførarar blei fortsatt framstilte som maktsymbol, men under omveltingar som den franske revolusjonen blei kongsstatuane merkbart meir audmjuke. Det blei reist fleire statuar til personar som hadde tent samfunnet, som tenkjarar, forskarar og kunstnarar, og nye omgrep som «folket» og «nasjonen» blei framstilte i personform som statuar.[6][7]

Mot slutten av det andre tusenåret gav kunstretningar som realismen fleire framstillingar av vanlege folk i statueform, til dømes som namnlause folk som går gjennom livet, eller av verkelege folk som ikkje er «perfekte». Ein annan måte å fjerna seg frå dei greske ideala var å gjera statuar mindre naturtru igjen. Statuane i Vigelandsparken, med sine livsfasar og grovhogde trekk, er eit døme på denne retninga.

Kjende statuar endre

Store og mektige eller talrike statuar er blitt reiste fleire stader for å imponera samtida eller ettertida. Det gamle Egypt er kjent for store og små statuar av faraoar og dei som kunne tena dei etter døden. Kolossen på Rhodos blei rekna som eitt av dei sju underverka i Antikken.

Kjelder endre

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Statue» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2008.
  • Johansen, Nygaard, Schreiner: Latinsk-norsk ordbok. Tredje utg. J. W. Cappelens forlag, 1965.

Fotnotar endre

  1. Chris Scarre "Statue-menhirs" The Oxford Companion to Archaeology. Brian M. Fagan, ed., Oxford University Press 1996. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 23. mars 2008 <http://www.oxfordreference.com/views/ENTRY.html?subview=Main&entry=t136.e0420>
  2. "ceremonial object." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 23. mars 2008 <http://search.eb.com/eb/article-66436>.
  3. C. Robert Phillips III "statues (cult of)" The Oxford Classical Dictionary. Ed. Simon Hornblower and Anthony Spawforth. Oxford University Press 2003. Oxford Reference Online. Oxford University Press. Open University. 23. mars 2008 <http://www.oxfordreference.com/views/ENTRY.html?subview=Main&entry=t111.e6070>
  4. "Iranian religion." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 23. mars 2008 <http://search.eb.com/eb/article-68332>.
  5. "kouros." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 23. mars 2008 <http://search.eb.com/eb/article-9046156>.
  6. Lynn Hunt, Jack R. Censer, James A. Leith "French Revolution" Encyclopedia of the Enlightenment. Ed. Alan Charles Kors. Oxford University Press 2003. 23. mars 2008 <http://www.oxfordreference.com/views/ENTRY.html?subview=Main&entry=t173.e246-s003>
  7. Neil McIntyre "statues" The Oxford Companion to Medicine. Stephen Lock, John M. Last, and George Dunea. Oxford University Press 2001. Oxford Reference Online. Oxford University Press. 23. mars 2008 <http://www.oxfordreference.com/views/ENTRY.html?subview=Main&entry=t185.e464>

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Statue
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.